Finanstilsynslovutvalet har lagt fram utgreiinga si

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har i dag fått overlevert utgreiinga frå Finanstilsynslovutvalet (Finanstilsynet i en ny tid – NOU 2023: 6). Hovudgrepa i forslaget frå utvalet er å lovfeste at Finanstilsynet er uavhengig ved behandling av enkeltsaker, og å samle klagesaksbehandlinga i éi nemnd.

– Arbeidet til Finanstilsynet og reguleringa av finansmarknadene er ein sentral premiss for finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Eg kjenner meg trygg på at vurderingane og utgreiinga frå utvalet vil gi oss eit godt grunnlag for å jobbe vidare med dette her i departementet, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

No skal utgreiinga sendast på offentleg høyring.

Finanstilsynslovutvalet blei sett ned av Solberg-regjeringa for å vurdere alle sider ved verksemda til Finanstilsynet og å utarbeide utkast til ei ny finanstilsynslov. Utkastet skal reflektere korleis regelverket, tilsynsomfanget og tilsynsmetodikken har utvikla seg sidan den gjeldande lova blei vedteken, og det skal leggje til rette for gode rammer for verksemda til Finanstilsynet framover.

I mandatet er enkelte område og problemstillingar trekte fram og nærmare omtalte:

  • avgrensing av arbeidsområdet til Finanstilsynet
  • Finanstilsynet si rolle i EØS-arbeidet og anna internasjonalt arbeid
  • Finanstilsynet sine oppgåver innanfor forvaltning og utgreiing
  • arbeidsdeling mellom departementet og Finanstilsynet
  • organisatorisk tilknyting mellom departementet og Finanstilsynet, inkludert instruksjonsadgang
  • leiing og organisering
  • utlikning av utgiftene til Finanstilsynet
  • rapportering om ressursbruk og resultat

Utvalet skulle i utgangspunktet levert utgreiinga si innan 1. desember 2022, men fekk forlengt fristen til 1. mars 2023.

Utvalet har vore sett saman slik:

Endre Skjørestad (leiar)
Jostein Askim
Jesper Berg
Hilde Christiane Bjørnland
Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund
Kaj-Martin Georgsen
Amund Noss
Rea Parashar
Ingrid Finboe Svendsen
Katrine Trovik

Pressekontaktar:

  • Kommunikasjonssjef i Finansdepartementet, Tor Borgersen, mob. 909 38 987
  • Kommunikasjonsrådgjevar i Finansdepartementet, Mark Berger, mob. 916 00 444

Les meri: