Finansieringsutvalet overleverer rapporten sin

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Torsdag 17. mars leverer utvalet som har sett på finansieringa av universitet og høgskular tilrådingane sine. Siri Hatlen har leia arbeidet.

  • Tid: Torsdag 17. mars, kl. 09.00-10.00
  • Stad:  Plenumssalen, Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18

Utvalet har vurdert heilskapen i den statlege finansieringa. Dei har blant anna hatt som oppgåve å vurdere om dagens finansiering er godt nok tilpassa ønsket om fleire fleksible tilbod ein kan ta som etter- eller vidareutdanning og i kombinasjon med jobb. I tillegg har dei vurdert korleis finansieringa kan bidra til meir arbeidslivsrelevans i utdanningstilboda og sysselsettinga i relevant arbeid etter studia.

Utvalet kjem med ei rekke forslag til tiltak, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil kommentere rapporten. Utvalets arbeid er eit viktig ledd i arbeidet til regjeringa med å styre meir i det store og mindre i det små, forenkle dei økonomiske verkemidla og bidra til meir mangfald i sektoren.

Det blir høve til å intervjue statstråd Borten Moe og utvalsleiar Siri Hatlen.

Kontakt:

Journalistar som ønsker å vere til stades kan medle seg på til kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen på telefon 911 14 868 eller pr. e-post: jose@kd.dep.no 

Nett-tv Overlevering av utvalgsrapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her