51 norske landskap blir bevarte for ettertida
Nyheit | Dato: 06.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Sidan 2009 har 51 landskap over heile Noreg fått status som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. 6. september blir 15-årsjubileet for satsinga markert på Gran på Hadeland, i eit av områda som er med.
– Landbruk over heile landet er eit nasjonalt mål og landbruksproduksjon er naudsynt for å oppretthalda jordbrukslandskapet, også for dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket, seier statssekretær Wenche Westberg.
I år er det 15 år sidan satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) blei offisielt opna i Vanggrøftdalen i dåverande Hedmark fylke. Føremålet er å gje bøndene og andre drivarar i områda statleg draghjelp for å ta vare på kulturlandskapet.
– Eg takkar dykk for all innsatsen de har lagt ned, slik at me med stoltleik kan visa fram og dokumentera dei utvalde kulturlandskapa våre, seier Westberg.
Gjennom ei tilskotsordning frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har staten gjeve 370,582 millionar kroner i støtte sidan 2009.
I 2009 fekk 20 område status som utvalde kulturlandskap. Dei 51 områda me har i 2024 er spreidde over heile landet og viser mangfaldet av jordbrukslandskap som finst i Noreg.
- Sjå heile lista hjå Dette er de utvalgte kulturlandskapene i jordbruket - Landbruksdirektoratet
15-årsjublieet blir markert på Gran på Hadeland i Innlandet. På programmet står ein tur til det utvalde landskapet Granavollen - Tingelstad - Røykenvik på Gran.