Endringar i regjeringa

Kongen har i statsråd i dag konstituert statssekretær Tore O. Sandvik som klima- og miljøminister i perioden Andreas Bjelland Eriksen avviklar foreldrepermisjon, frå og med 2. september til og med 31. desember 2024.

Regjeringa er utgått av Arbeiderpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp). Regjeringa ser slik ut frå 2. september 2024:

Statsminister
Jonas Gahr Støre (Ap)

Finansminister
Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Arbeids- og inkluderingsminister
Tonje Brenna (Ap)

Utviklingsminister
Anne Beathe Tvinnereim (Sp)

Helse- og omsorgsminister
Jan Christian Vestre (Ap)

Barne- og familieminister
Kjersti Toppe (Sp)

Utanriksminister
Espen Barth Eide (Ap)

Forsvarsminister
Bjørn Arild Gram (Sp)

Samferdselsminister
Jon-Ivar Nygård (Ap)

Justis- og beredskapsminister
Emilie Enger Mehl (Sp)

Energiminister
Terje Aasland (Ap)

Kultur- og likestillingsminister
Lubna Jaffery (Ap)

Landbruks- og matminister
Geir Pollestad (Sp)

Kommunal- og distriktsminister
Erling Sande (Sp)

Digitaliserings- og forvaltningsminister
Karianne O. Tung (Ap)

Næringsminister
Cecilie Myrseth (Ap)

Kunnskapsminister
Kari Nessa Nordtun (Ap)

Forskings- og høgare utdanningsminister
Oddmund Hoel (Sp)

Fiskeri- og havminister
Marianne Sivertsen Næss (Ap)

Klima- og miljøminister
Tore O. Sandvik (Ap) – Konstituert frå 2. september til 31. desember 2024
Andreas Bjelland Eriksen (Ap) – Permisjon frå 2. september til 31. desember 2024