Endringar i regjeringa
Pressemelding | Dato: 16.10.2023 | Statsministerens kontor
Kongen har i statsråd i dag gitt utanriksminister Anniken Huitfeldt, arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen, kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran avskil i nåde.
Kunnskapsminister Tonje Brenna har fått avskil i nåde, og er utnemnt til ny arbeids- og inkluderingsminister.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide har fått avskil i nåde, og er utnemnt til ny utanriksminister.
Andreas Bjelland Eriksen er utnemnt til klima- og miljøminister.
Erling Sande er utnemnt til kommunal- og distriktsminister.
Kari Nessa Nordtun er utnemnt til kunnskapsminister.
Karianne O. Tung er utnemnt til digitaliserings- og forvaltningsminister.
Cecilie Myrseth er utnemnt til fiskeri- og havminister.
Regjeringa er utgått av Arbeiderpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp). Regjeringa ser slik ut frå 16. oktober 2023 kl. 13.00:
Statsminister
Jonas Gahr Støre (Ap)
Finansminister
Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
Arbeids- og inkluderingsminister
Tonje Brenna (Ap)
Utviklingsminister
Anne Beathe Tvinnereim (Sp)
Næringsminister
Jan Christian Vestre (Ap)
Barne- og familieminister
Kjersti Toppe (Sp)
Utanriksminister
Espen Barth Eide (Ap)
Forsvarsminister
Bjørn Arild Gram (Sp)
Samferdselsminister
Jon-Ivar Nygård (Ap)
Helse- og omsorgsminister
Ingvild Kjerkol (Ap)
Forskings- og høgare utdanningsminister
Sandra Borch (Sp)
Justis- og beredskapsminister
Emilie Enger Mehl (Sp)
Olje- og energiminister
Terje Aasland (Ap)
Kultur- og likestillingsminister
Lubna Jaffery (Ap)
Landbruks- og matminister
Geir Pollestad (Sp)
Kommunal- og distriktsminister
Erling Sande (Sp)
Digitaliserings- og forvaltningsminister
Karianne O. Tung (Ap)
Fiskeri- og havminister
Cecilie Myrseth (Ap)
Kunnskapsminister
Kari Nessa Nordtun (Ap)
Klima- og miljøminister
Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Statsministerens pressekonferanse
Statsministeren varsler endringer i regjeringen
Sjå sendinga her