Revidert nasjonalbudsjett
Endringar i organiseringa av sentral helseforvaltning
Nyheit | Dato: 11.05.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa gjennomfører endringar i organisering, roller og ansvar i den sentrale helseforvaltninga. Ein tar sikte på at endringane blir sett i verk 1. januar 2024.
Helse- og omsorgsdepartementet har føretatt ein gjennomgang av den sentrale helseforvaltninga og vurdert behov for justeringar i dagens organisering.
Effektiv ressursbruk og avklarte roller
Føremålet med endringane er effektiv ressursbruk, avklarte roller og ansvar mellom etatane, samt ei meir føremålstenleg og samordna etatsstyring frå departementet si side.
I tillegg skal endringane bidra til betre støtte til kommunane, betre tilrettelegging for digitalisering og styrka helseberedskap.
Organisatoriske tiltak for Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Statens legemiddelverk, Direktoratet for e-helse og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er nærmare skildra i revidert nasjonalbudsjett for 2023 (PDF, s. 100–102). Der er også vidare utgreiingsbehov omtalt.
Betre rusta
– Endringane i den sentrale helseforvaltninga vil gjere oss betre rusta til å oppnå regjeringa sine målsettingar i helsepolitikken, og styrker sektoren i møte med dagens utfordringar, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Helse- og omsorgsministeren presiserer vidare at føremålet med omorganiseringa ikkje er å redusere den totale ressursbruken, men å oppnå gevinstar som:
- Betre støtte til kommunane
- Betre utnytting av helsedata
- Tettare kopling mellom digitaliseringsarbeidet og tenesteutviklinga
- Styrke forsyningssikkerheita for legemiddel og medisinsk utstyr
- Betre grunnlaget for avgjerder for innføring av legemiddel og medisinsk utstyr
- Betre samspel mellom folkehelsearbeidet og arbeidet i helse- og omsorgstenestene
Tett samarbeid
Gjennomføringa av endringane vil bli prosjektorganisert i Helse- og omsorgsdepartementet og blir leia av Jan Fredrik Andresen, avtroppande direktør i Statens helsetilsyn. Andresen tiltrer i stillinga som spesialrådgjevar i departementet 15. mai.
– Eg er svært fornøgd med at Andresen har takka ja til å leie dette arbeidet. Etter meir enn 10 år som direktør i Statens helsetilsyn tar han med seg uvurderleg kunnskap og kompetanse om helse- og omsorgssektoren, seier Kjerkol.
Endringane i organisering, rollar og ansvar blir gjennomførte innanfor ei uendra samla budsjettramme og i tett samarbeid med dei aktuelle etatane.
Oppdatert med mandat for gjennomføring av endringar i den sentrale helseforvaltninga 28. juni.