Eit løft for fosterheimane
Nyheit | Dato: 21.06.2024 | Barne- og familiedepartementet
I dag legg regjeringa fram fosterheimsmeldinga. I meldinga føreslår regjeringa tiltak som skal bidra til meir stabilitet og tryggleik for barna og fosterfamiliane gjennom betre oppfølging, meir føreseielege rammer og auka avgjerdsmakt til fosterforeldre.
– I dag er det over 200 barn som ventar på fosterheim. Det er altfor mange. Vi veit kor avgjerande det kan vere for eit barn å få ein trygg heim, men for at fleire barn skal få ein familie å vekse opp i må vi ha nok fosterheimar til å møte dei ulike behova barna har. Derfor er det ei prioritert oppgåve for regjeringa å sikre betre rekruttering av fosterheimar og behalde eksisterande fosterforeldre. Med denne meldinga viser regjeringa at vi løftar fosterheimsområdet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
I meldinga gjer regjeringa greie for tiltak som skal bidra til å rekruttere og behalde fleire fosterheimar, og at barn som treng det skal få ein fosterheim i eller i nærleiken av nærmiljøet sitt.
Regjeringa vil sikre fosterfamiliane betre økonomisk kompensasjon, mellom anna ved å kompensere frikjøpte fosterforeldre for manglande opptening av tenestepensjon, fleire rettar og betre oppfølging frå kommunen.
Tiltaka i meldinga skal
- styrkje den kommunale oppfølginga av fosterheimar, mellom anna gjennom at kommunane kan få fag- og tiltaksstøtte frå Bufetat i krevjande saker, og gjennom å opne for spesialiserte hjelpetiltak i fosterheimar. Tilbodet om fag- og tiltaksstøtte vil vere frivillig for kommunane å nytte.
- bidra til meir stabilitet og tryggleik for barna og fosterfamiliane gjennom betre oppfølging meir føreseielege rammer og auka avgjerdsmakt til fosterforeldre til å ta naudsynte praktiske avgjerder på vegne av barnet i det daglege. Dette er særleg relevant ved oppfølging på skule og fritidsaktivitetar der barnet bruker mykje tid, men det er óg viktig når det gjeld samtykke til helsehjelp eller tilbod om offentlege tenester frå kommunen, NAV eller andre.
- bidra til at barn og unge i fosterheim får ein god overgang til vaksenlivet
- styrkje samarbeidet mellom kommunane, og mellom kommunar og Bufetat, om rekruttering, særleg i nærområdet til barna
Betre oppfølging av fosterheimar frå kommunane
Kommunane har eit heilskapleg oppfølgingsansvar for fosterheimane. I dag er det manglar og uønskt variasjon i måten kommunane følgjer opp fosterheimar på, og det er for mange barn som opplever brot og gjentatte flyttingar.
– Å betre rammene og oppfølginga slik at det blir tryggare og meir føreseieleg å være fosterfamilie, er noko av det viktigaste vi kan gjere, meiner eg. Derfor føreslår vi å styrkje kommunane si oppfølging av fosterheimar, mellom anna gjennom rettleiingstiltak, spesialiserte hjelpetiltak og auka tilgjengelegheit, i tillegg til auka støtte frå Bufetat. Det føreslår vi fordi vi veit at god oppfølging og støtte er viktig for å rekruttere og behalde fleire fosterheimar. Det er óg noko mange fosterforeldre har gitt tilbakemelding om, seier Toppe.
Statsråden legg til:
– Vi må sørgje for at fosterforeldre opplever at dei får god nok oppfølging og støtte til at dei er positive til å ta på seg eit nytt fosterheimsoppdrag.
Fleire rettar til fosterforeldre
Tiltaka i fosterheimsmeldinga må óg sjåast i samanheng med fleire forslag om endringar i barnevernslova som vart sendt på høyring i april i år.
Desse lovforslaga omtalast i meldinga. Blant dei viktigaste endringane regjeringa føreslår der er at alle fosterforeldre som er frikjøpt frå vanleg jobb skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon og at fosterforeldre skal kunne klage på eit vedtak om å flytte barnet ut av fosterheimen.
– Fosterheim er i dag det mest brukte tiltaket i barnevernet for barn som ikkje kan bu heime med foreldra sine. Av alle barn som bur i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon bur ni av ti i fosterheim. Dermed er fosterheimar ein av dei viktigaste berebjelkane i norsk barnevern. Meldinga gir ei tydeleg retning for fosterheimomsorga og synleggjer fleire tiltak regjeringa vil setje i verk for å behalde eksisterande fosterforeldre, for rekruttering av nye fosterheimar og for alle dei ungane vi vil gi betre hjelp, seier Toppe.