Einigheit i lønsoppgjeret i staten
Pressemelding | Dato: 28.04.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Staten og hovudsamanslutningane Akademikarane, LO Stat og YS Stat er kome til einigheit om lønsoppgjeret i staten.
– Eg er veldig glad for vi gjennom ei forhandlingsløysing er blitt einige med Akademikerne, LO Stat og YS Stat om eit lønsoppgjer innanfor frontfagetramma på 5,2 prosent, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
– Eg er og nøgd med at avtalen med LO og YS bidreg til å redusere økonomiske forskjellar gjennom ein lavlønsprofil, samtidig som vi og har gjort tiltak som fremjar likeløn mellom kvinner og menn.
I avtala med Akademikerne skal heile ramma forhandlast lokalt.
I avtala med LO Stat og YS Stat får alle lønstrinn eit tillegg på 31 000 kroner, mens 0,85 % av lønsmassa blir avsett til lokale forhandlingar. Størrelsen på den lokale avsetninga er om lag like stor som på avtalen i fjor.
Staten er framleis i forhandlingar med Unio, der fristen er midnatt 30. april.
Oppgjeret i 2023 er eit mellomoppgjer, der det berre blir forhandla om lønsregulering. Kommunal- og distriktsdepartementet representerer staten i forhandlingane med hovudsamanslutningane.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00