Revidert nasjonalbudsjett
Ei historisk satsing på kyrkjebevaring er i gang
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa føreslår ei løyving på 100 millionar kroner til kyrkjebevaringsprosjekter. Det gjeld både forprosjekt og prosjekt som allereie er sett i gang i 2024, som er oppstartsåret for Kyrkjebevaringsfondet.
– Med denne løyvinga sikrar regjeringa at vi raskt kjem i gang med eit historisk bevaringsarbeid på norske kyrkjer, slik det er skissert i Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Regjeringa lanserte denne strategien tidlegare i år. No er vi i gang med satsinga som sikrar at vi i perioden 2024–2054 skal bruke inntil 500 millionar kroner årleg og til saman om lag 10 milliardar kroner på kyrkjebevaring, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
I første omgang vil ein komme i gang med det som i bevaringsstrategien vert omtalt som «gryteklare» prosjekt – prosjekt som allereie er igangsett eller som er ferdigprosjektert og raskt kan setjast i gang utan nye forprosjekt. Utlysing her vil etter planen skje til sommaren.
Regjeringa arbeider no med å sluttføra tilskotsordninga, som nettopp har vore på høyring. I dette arbeidet har ein lytta til høyringsinnspela, som særleg peika på at eigendelen til kommunen var for høg i dei mindre prosjekta, som det også er flest av.
– Satsane er no justert, slik at de kommunale eigenandelane blir lågare og det blir gitt minst 50 prosent statleg tilskot til alle hovudprosjekt, seier Toppe.
I bevaringsprogrammet for mellomalderkyrkjer vil staten som hovudregel dekke kostnadene til hovudprosjekt etter følgjande intervall:
- 50 prosent av kostnadene i intervallet 0–30 millionar kroner
- 75 prosent av kostnadene i intervallet 30–70 millionar kroner
- 90 prosent av kostnadene over 70 millionar kroner
I dei to andre bevaringsprogramma (kyrkjer som er oppført i perioden 1537–1850, og kyrkjer oppført etter 1850) vil staten som hovudregel dekke kostnadene til hovudprosjekt etter følgjande intervall:
- 50 prosent av kostnadene i intervallet 0–30 millionar kroner
- 60 prosent av kostnadene i intervallet 30–70 millionar kroner
- 80 prosent av kostnadene over 70 millionar kroner
I høyringa var det brei støtte til at forprosjekta skulle vere fullt ut statleg finansiert, så dette ligg fast i proposisjonen som bli fremja for Stortinget.