– Ei folkehelsemelding som utjamnar sosiale helseforskjellar
Nyheit | Dato: 31.03.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
– Forskjellane i landet vårt er for store, også når det gjeld helse. Vi tar grep som fremjar helse i heile befolkninga, uansett inntekt og bakgrunn, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Fredag 31. mars la Kjerkol fram regjeringa si folkehelsemelding, som er den første stortingsmeldinga statsråden legg fram.
– Det er viktig for meg at folkehelsemeldinga kjem først, for det er folkehelse i alt vi gjer. Vi må styrke grunnmuren i helsetjenesten, og det begynner med folkehelsearbeidet. Vi vil ta grep for at fleire får høve til å leve lange, gode liv med god helse, uansett bakgrunn og inntekt, seier Kjerkol.
Urettferdige skiljelinjer
Statsråden peiker på at folk med høgare utdanning i snitt lever 5–6 år lenger og har betre helse enn dei med kortast utdanning. Undersøkingar viser at ungdom med foreldre med låg inntekt og utdanning oftare slit psykisk.
– Dette er urettferdige skiljelinjer denne regjeringa vil gjere noko med. Det er viktig med breie tiltak retta mot heile befolkninga for å utjamne sosiale forskjellar. Våre grep skal ha størst effekt for dei som treng det mest, men samtidig vere bra for alle, seier Kjerkol.
– Ein effektiv helsepolitikk vil både vere bra for den enkelte, men også bidra til auka berekraft for vår felles helseteneste, seier statsråden.
Eksternt utgreiingsarbeid
Tobakksbruk og usunt kosthald er blant dei viktigaste årsakane til sjukdom og tidleg død, og er ein viktig årsak til sosiale helseforskjellar i Noreg. På kosthaldsområdet vil regjeringa sette i gang eit eksternt utgreiingsarbeid for å finne treffsikre tiltak.
– Utgreiinga skal innehalde forslag til effektive tiltak som kan bidra til eit betre kosthald og utjamne sosiale forskjellar. Vi vil finne dei treffsikre tiltaka som har størst effekt for dei som treng det mest, men som samtidig er bra for oss alle, seier Kjerkol.
– For å skulle lykkast må vi ha fleire tiltak som støtter opp om kvarandre. Med eit samfunn i endring, med nye kanalar for informasjonsspreiing og påverknad, må vi ha nye verkemiddel og forsterke dei vi allereie har. Dette må vi få godt og grundig belyst i ei utgreiing.
Barn og unge
Parallelt med det eksterne utgreiingsarbeidet, set regjeringa i gang eit arbeid for å sjå særleg på marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge.
Regjeringa trur også at innføring av eit sunt måltid i løpet av skuledagen kan bidra til å utjamne sosiale helseforskjellar når det gjeld kosthald og helse.
– For å få ei vellykka innføring av dette på sikt, er det viktig å bruke kunnskap og erfaringar frå både skular, skuleeigarar, elevar og føresette. Det legg regjering opp til no, fortel Kjerkol.
Ny tobakksstrategi
I folkehelsemeldinga presenterer også regjeringa sin nye tobakksstrategi.
– Vår visjon er ein tobakksfri generasjon, og vi ønsker å legge til rette for at barn født i 2010 og seinare blir gitt høve til dette.
– Barn og unge er ein hovudprioritet. Barn bør vere beskytta mot å bli avhengig av tobakk og helserisikoane det fører med seg, seier Kjerkol.
E-sigarettar og private bilar
Regjeringa vil innføre røykeforbod i private bilar kor barn er passasjer, på utandørs leikeplassar, idrettsområde og haldeplassar, samt fellesareal i leilegheitskompleks.
Regjeringa vil også innføre forbod mot nettsal av tobakksvarar og e-sigarettar for å hindre sal til mindreårige og få betre kontroll på kva produkt som blir innført frå utlandet.
Regjeringa innfører også standardiserte innpakkingar og forbod mot smakstilsettingar for e-sigarettar.
Psykisk helse og livskvalitet
Psykisk helse er eit av regjeringa sine viktigaste satsingsområde, og også i psykisk helse er det forskjellar som følger sosiale skiljelinjer.
– I folkehelsemeldinga lanserer vi ABC-kampanjen som ein nasjonal metode for å styrke psykisk folkehelse og å førebygge psykiske plagar, psykiske lidingar og einsemd, fortel Kjerkol.
– ABC er allereie ein viktig del av folkehelsearbeidet i Trøndelag og vi ser at det fungerer, legg ho til.
Fellesarenaer og aktivitet
– Det er viktig med fellesarenaer som gir aktivitet, fellesskap, engasjement og opplevingar for alle. Vi vil derfor vidareutvikle samfunnet sine fellesarenaer.
Regjeringa vil også utvikle meir kunnskap om årsaker til psykiske plagar/lidingar og om tiltak som verkar.
Før sommaren legg regjeringa i tillegg fram ein eigen opptrappingsplan om psykisk helse.
Tiltak for å styrke folkehelsearbeidet
I folkehelsemeldinga varslar regjeringa at dei vil ta grep for å gi auka prioritet til folkehelsepolitikken og tiltak som fremjar folkehelsa.
– Folkehelse skal bety meir når avgjerder blir tatt. Vi vil styrke folkehelseloven, og gjere den viktigare for utforming av nasjonal folkehelsepolitikk, seier Kjerkol.
Regjeringa set også ned eit utval som skal sjå på prioritering av folkehelsetiltak.
– Vi må styrke grunnlaget som vi bygger folkehelsepolitikken på. Utvalet skal gi oss kunnskap som gjer det lettare å få gjennomslag for gode folkehelsetiltak fordi dei bygger på eit breiare fundament med tanke på prioritering, effekt og ansvarsfordeling, seier statsråden.
Folkehelsepolitisk råd
Regjeringa vil også etablere eit folkehelsepolitisk råd.
– Hensikta er at regjeringa skal kunne samarbeide meir og få innspel frå større delar av samfunnet som frivillig sektor, næringslivet og kommunar, seier Kjerkol.
Brei tilnærming
Folkehelsemeldinga har ei brei tilnærming for å utjamne dei sosiale forskjellane i helse, og legg opp til eit tverrsektorielt arbeid.
– Det må ein samla innsats til for å utjamne sosiale helseforskjellar. Innsatsen i andre sektorar og dei grunnleggande forholda i samfunnet har stor betyding for å skape ei positiv utvikling, fortel Kjerkol.
Det inkluderer mellom anna:
- gode barnehagar og ein fellesskule alle kan lykkast i,
- gode arbeidsforhald for arbeidstakarar,
- gode bustadar og nærmiljø som er tilgjengelege for alle,
- lokalsamfunn som tilbyr det som er bra for helsa med høve for gange og sykkel, fritidsaktivitetar, parkar og natur, og ikkje minst kulturliv og frivilligheit.
Viktige innsatsområde
Blant innsatsområda i meldinga er å:
- fremme gode levevanar, som røykeslutt, skulemat og fysisk aktivitet,
- styrke psykisk helse og livskvalitet, som gjer at fleire meistrar kvardagen
- verne mot helsetrugslar, som smittevern, vaksinar og luftforureining
- legge meir vekt på førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesten: fastlegane, helsestasjons- og skulehelsetenesten, frisklivstilbod og lettare tilgang til hjelp for psykisk helse og rus.
Kommuneoverlege
– Kommuneoverlegane er avgjerande for folkehelsearbeidet i kommunane våre. Dei er nøkkelpersonar i å handtere helsekriser, slik som vi erfarte under koronapandemien, seier Kjerkol.
Regjeringa vil:
- vurdere korleis kommunane sitt samfunnsmedisinske ansvar kan bli varetatt ved interkommunale løysingar og tiltak for å styrke samfunnsmedisinsk kompetanse for kommuneoverlegar,
- endre tittelen kommunelege til kommuneoverlege i regelverket
- utarbeide ein nasjonal rettleiar for dei samfunnsmedisinske oppgåvene til kommunane og for oppgåvene og funksjonen til kommuneoverlegen.
Vaksenvaksinasjon
Regjeringa vil arbeide for eit vaksenvaksinasjonsprogram som bygger på dagens influensavaksinasjonsprogram og koronavaksinasjonsprogram.
Eit offentleg program vil sikre tilbod som likebehandlar folk, uansatt bakgrunn og livssituasjon. Det vil bidra til å utjamne helseforskjellar.
Målet for vaksinasjonsprogrammet for vaksne er å gi betre oppslutning om vaksinasjonsanbefalingar. Det vil gi betre helse og mindre behov for helsehjelp i målgruppene, som også bidrar til berekraft i helsetenestene.