Statsbudsjettet 2025
Driftssikker Troll forskningsstasjon i Antarktis
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringen foreslår å auke løyvinga til Trollstasjonen med 15 millionar kroner. Dette er for å halde oppe ein trygg og driftssikker forskingsstasjon i Antarktis i åra fram til ein ny stasjon kan vere på plass.
Tjue år på det mest vêrharde kontinentet i verda har sett sine spor på den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land. Ein ny stasjonsbygning kan tidlegast stå klar i 2032. For å halda oppe ei stabil og sikker heilårsdrift i Antarktis dei neste åra, er det behov for vedlikehald og oppgraderingar av dagens stasjon.
– Trollstasjonen er utgangspunktet for Noregs forskingsaktivitet i Antarktis. Den norske antarktisforskningen har stor verdi for den internasjonale kunnskapsutviklinga om dei globale klima- og miljøutfordringane. All forsking og nærvær på Troll er heilt avhengig av stabil og sikker heilårsdrift, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
Trollstasjonen opererer under ekstreme forhold og er heilt isolert frå omverda store deler av året. Svikt i bygningsmasse eller annan infrastruktur kan få svært alvorlege konsekvensar, spesielt i overvintringssesongen.
– Nå må me ruste opp den eksisterande Trollstasjonen, så han framleis kan vere ein trygg base for norsk antarktisforsking, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.