Dette er finalistane til utmerkingane for sunnare kosthald

Aktørar i matvarebransjen konkurrer om utmerkingar for særleg god innsats i arbeidet for eit sunnare kosthald. Tysdag kunngjorde helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol finalistane.

Matvarebransjen har forplikta seg til å legge til rette for sunne kosthaldsval gjennom intensjonsavtala for eit sunnare kosthald (helsedirektoratet.no).

Utmerkingane for sunnare kosthald er ein honnør til aktørar som gjer ein særleg innsats i dette arbeidet, og det blir delt ut prisar i kategoriane «sunnare produkt» og «sunnare marknadsføring».

– Det blir lagt ned mykje arbeid for å fremme dei sunnare vala og gjere kvardagsprodukta sunnare. Matvarebransjen er ein viktig samarbeidspartnar for oss på dette området, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Dette er finalistane

Det er kome inn sju nominasjonar i kategorien «sunnare produkt» og åtte nominasjonar i kategorien «sunnare marknadsføring». Nominasjonane er vurderte av ein eigen jury, som også har plukka ut finalistane. Blant fleire gode kandidatar, er dette finalistane.

Sunnare produkt

Finalistane i kategorien «sunnare produkt» er:

  1. Fjordland – Fisk i ferdigretter
  2. TINE – Mindre fett i Norvegia Original
  3. REMA 1000 – Grovt og godt

Grunngiving:

Dette er produktinnovasjonar som skal bidra til at forbrukar får i seg meir fisk og grove kornprodukt, og mindre metta feitt.

Ved å redusere innhaldet av metta fett i eit kvardagsprodukt som Norvegia når ein mange, også dei som ikkje er så opptatte av kosthald. Dette kan gjere ein forskjell for folkehelsa, og bidra til å redusere sosiale forskjellar i kosthald.

At det er eit stort utval å velje mellom, både av ferdigrettar og brød, kan bidra til at fleire spis meir av desse produkta, og dermed får i seg meir fisk og grove kornprodukt som er eit mål under intensjonsavtala.

Sunnare marknadsføring

Finalistane i kategorien «sunnare marknadsføring» er:

  1. Opplysningskontoret for frukt og grønt – Smaksdetektiv, 5 om dagen barnehage
  2. Meny – Fiskeknappen
  3. KIWI – Momskutt på fisk

Grunngiving:

Dei to førstnemnde finalistane i denne kategorien bidrar til auka kunnskap om mat myndigheitene ønsker at vi et meir av som frukt og bær, grønsaker og fisk og sjømat. Desse to finalistane har også valt å sette søkelyset på dei unge. Som vi veit blir matvanar danna tidleg, og begge initiativa appellerer til leik, læring og nysgjerrigheit hos dei minste.

Det tredje tiltaket viser at prisreduksjonar i kombinasjon med effektiv kommunikasjon har effekt på folk si åtferd når dei handlar. Lågare prisar på fisk fører til at fleire kjøper fisk oftare, som er i tråd med intensjonsavtala sine målsettingar.

  • Kristin Hollung, avdeling mat og helse, Nofima, juryleiar
  • Lars Erling Olsen, Institutt for markedsføring, Handelshøyskolen BI
  • Nanna Lien, avdeling for ernæringsvitskap, Universitetet i Oslo
  • Annechen Bahr Bugge, Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet

Helsedirektoratet har sekretariatsfunksjon for utmerkingane, men sit ikkje i juryen.

Vinnarane blir kåra i februar 2024

Vinnarane av intensjonsavtala sine utmerkingar blir kåra i februar 2024. Stad og tid blir annonsert seinare.

– Eg gler meg til å dele ut denne viktige prisen, og til å vidareføre det gode samarbeidet med matvarebransjen, seier Kjerkol.