Dei første tildelingane frå Helseteknologiordninga er gjort
Nyheit | Dato: 16.02.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Totalt 66 søknader frå heile landet blir tilgodesett med løyvingar i den første tildelinga frå Helseteknologiordninga. Bodø kommune får mest med nærmare fem millionar kroner.
Det er Helsedirektoratet som har vurdert søknadane, og til saman 179 søknader for totalt 331,6 millioner kroner blei sendt inn til vurdering innan fristen 15. januar.
– Her har regjeringa treft planken, og vi svarer på eit tydeleg behov i kommune-Noreg, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
– Det er svært gledeleg at så mange kommunar kjente seg freista av denne gode ordninga. Helseteknologiordninga er ei ordning som skal gi kommunane draghjelp til å innføre helseteknologi til hjelp for både pasientar og fagfolk.
Kva er Helseteknologiordninga?
- Regjeringa føreslo i statsbudsjettet for 2024 å opprette ei helseteknologiordning retta mot landets kommunar og fylkeskommunar.
- Formålet med ordninga er å stimulere kommunar til å samordne seg og legge til rette for investeringar, anskaffingar og innføring av betre teknologiske løysingar.
- Totalt 150 millionar kroner er satt av i budsjettet til ordninga, og i denne første tildelinga er tilskot på 56,7 millionar kroner blitt fordelt.
- Tilskota blir gitt til velferdsteknologi, digital heimeoppfølging og journalløysingar.
Løyvingar til Bodø
Bodø kommune viste seg som ein sterk søkar, og søknadane deira er heilt i tråd med det viktige målet i Helseteknologiordninga om at ho skal gi draghjelp til kommunar som går føre og saman.
Tre prosjekt i Bodø er løyvde til saman 4,9 millionar kroner. Dei tre prosjekta gjeld journalløysingar (2,3 millionar), utprøving av felles informasjonsdelingsteneste i regi av Felles journalløft (1,6 millionar) og vidareføring av digital heimeoppfølging (1 million).
Prosjekta i Bodø
- Bodø tar ansvar for å koordinere 30 kommunar i Nordland, Troms og Finnmark om ein samla strategi for innkjøp av elektroniske pasientjournalar (EPJ).
- Tilskotet til felles informasjonsdelingsteneste er viktig fordi Bodø og dei andre kommunane er føregangskommunar. Dei prøver ut noko som potensielt kan bli spreidd til heile landet – akkurat slik Helseteknologiordninga er meint å fungere.
- Bodø kommune er ei viktig drivkraft for spreiing av digital heimeoppfølging. Prosjektet i Bodø jobbar godt og har vore til stor inspirasjon for andre prosjekt i landet, ved å dele erfaring og ta imot studiebesøk. Bodø har også etablert samarbeid med kommunar frå Lofoten og Salten, som startar arbeidet i 2024.
– Eg gler meg til å sjå resultata frå både Bodø og alle andre som har fått løyvingar. Eg håpar sjølvsagt at nokre av løysingane vil vere så vellukka at vi kan bygge vidare på dei og skalere dei opp på regionalt eller nasjonalt nivå. Men før vi kan vurdere det må vi sørge for ei grundig og god utprøving i kommunane, seier Kjerkol.
Opnar for å bygge ut ordninga
Regjeringa la til grunn allereie då forslaget til statsbudsjettet blei presentert i oktober at dei ønska å bygge ut Helseteknologiordninga etter kvart.
– No må vi først få erfaringar frå korleis ordninga fungerer, men eg vil understreke at denne framgangsmåten er heilt i tråd med regjeringa sin politikk for digitale helsetenester, fortel Kjerkol.
– På denne måten får vi testa ut smått, gjort utbetringar der dette er nødvendig, og skalert opp viss det lukkast.
Berekraftomsyn i helsetenesten
Statsråden legg også vekt på at digitalisering er viktig av omsyn til berekrafta i helsetenesten.
– Det blir færre hender i vår felles helseteneste og det blir fleire eldre. Målet må derfor vere at fagfolk bruker mindre tid på å hente inn informasjon frå ulike digitale tenester og meir tid på pasientbehandling, opplyser statsråden.