Borten Moe legg fram stortingsmeldinga Utsyn over kompetansebehovet i Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fredag 24. mars kl. 12 legg forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe fram ei stortingsmelding som vil gje retning for regjeringas utdannings- og kompetansepolitikk i åra som kjem.

Nett-tv Borten Moe legg fram stortingsmeldinga Utsyn over kompetansebehovet i Noreg

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Korleis skal vi sikre at vi utdannar nok folk med kompetansen vi treng i åra som kjem? Bakgrunnen for meldinga er at vi i Noreg blir relativt færre menneske i arbeidsfør alder etter kvart som befolkninga blir eldre og ungdomskulla blir mindre. Denne utviklinga har vore kjend lenge og byrjar no å få merkbare effektar. Ei rekke verksemder i heile landet slit med å få tak i arbeidskraft med rett kompetanse.

Målet med meldinga er å bidra til høg sysselsetting og til å dekke dei viktigaste kompetansebehova i arbeids- og samfunnslivet framover. I meldinga legg regjeringa fram sine grep for å sikre betre samsvar mellom utdanningstilbod og behova i arbeids- og samfunnsliv. Regjeringa vil til dømes gjere endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskular.

Det blir moglegheiter for intervju med statsråden og studentar frå aktuelle utdanningar. Journalistar bør melde seg på dagen før. Du melder deg på ved å sende ein e-post til kommunikasjonsrådgjevar Vivill Vinsrygg (vivill.vinsrygg@kd.dep.no) tlf. 48 20 55 85).

Tid: 24. mars 2023 kl. 12.00-13.00

Stad: OsloMet, Pilestredet 52

Hugs gyldig legitimasjon.

Strøyming:
Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.