Revidert nasjonalbudsjett:
Betydeleg auke til førebygging av flaum og skred
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår å auke rammene til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med til saman 280 millionar kroner for å førebyggje flaum- og skredskadar. Av dette går 150 millionar kroner til krise- og hastetiltak etter ekstremvêret «Hans».
– Ei av dei mest grunnleggjande oppgåvene til regjeringa er å sikre tryggleiken for folk som bur i Noreg. Førebygging av flaum- og skredskadar er ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa, og spesielt etter ekstremvêret «Hans» i fjor ser me eit behov for å gi NVE auka rammer for å gjere det mogleg å gjennomføre fleire tiltak i mange kommunar. Regjeringa stiller opp og fyller på med ytterlegare 150 millionar kroner til krise- og hastetiltak etter «Hans», i tillegg til 130 millionar kroner i auka fullmakt for å gjennomføre ordinære sikringstiltak, seier energiminister Terje Aasland.
Auka rammer gjer at NVE kan halde fram arbeidet med å førebyggje flaum- og skredskadar på ein effektiv og god måte, også når det gjeld større prosjekt som går over fleire år.
Mange av kommunane som blei hardast ramma av ekstremvêret «Hans» har behov for at det blir gjennomført krise- og hastetiltak. I 2023 og 2024 har det så langt blitt løyvd 250 millionar kroner til dette formålet. Gjennom våren 2024 har det kome inn enda fleire søknader om tiltak, og derfor vil regjeringa fylle på med 150 millionar kroner i auka fullmakter til NVE for å sikre vidare framdrift i arbeidet med desse nødvendige tiltaka.
Dei fleste søknadene handlar om krisetiltak. Staten dekkjer 100 prosent av utgiftene for desse tiltaka, og dette medfører derfor ingen kommunal distriktsandel.
– Ekstremvêret «Hans» førte til store skadar mange stader i landet, også i vassdraga. Me ønskjer no å styrkje NVE sine moglegheiter til å hjelpe kommunane med sikring og førebygging av nye flaum- og skredhendingar. Dette gjer at me kan gjennomføre tiltak så fort som mogleg basert på søknadene som har kome inn, seier Aasland.
Regjeringa er opptatt av å styrkje førebyggingsarbeidet. Før sommaren vil regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om flaum og skred, med fleire gode tiltak for betre førebygging og auka tryggleik for folk som bur i Noreg.