Barnevernsinstitusjonsutvalets rapport levert til barne- og familieministeren
Nyheit | Dato: 26.10.2023 | Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet
Barne- og familieminister Kjersti Toppe mottok i dag rapporten frå Barnevernsinstitusjonsutvalet. Utvalet har hatt som oppgåve å greie ut institusjonsbarnevernet, og føreslå endringar som sikrar at barna får den omsorga og hjelpa dei treng. Rapporten er no sendt på høyring.
– Fleire rapportar og mediesaker dei siste åra viser at dagens barnevern ikkje har klart å gi eit godt nok tilbod til dei barna som treng det mest. Det er heilt tydeleg at vi må tenkje nytt omkring kva barna med størst behov for hjelp og støtte treng, og korleis tilbodet bør innrettast for å gi barn eit godt og heilskapeleg tilbod. Mange av barna treng hjelp frå fleire tenester, og har ofte omfattande kontakt med både helseteneste og politi. Utvalet kjem med fleire godt grunngjevne forslag som kan bidra til eit betre barnevern generelt og eit betre institusjonsbarnevern spesielt, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), som tok imot rapporten saman med helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).
– Utvalet har tatt utgangspunkt i barna og korleis tilboda best kan tilpassast barna sine behov. Det er ei god og rett tilnærming. Eg er glad for at utvalet føreslår å byggje på etablerte tilbod og strukturar, forsterke samarbeidet og bidra til å klargjere ansvaret til sektorane. For denne gruppa barn og unge er det viktig at behandlingsbehov blir følgt opp av helsepersonell. Og skal oppgåver overførast til helse, er det også heilt avgjerande at ressursane følgjer med, seier Kjerkol.
Barneverninstitusjonsutvalet blei oppnemnd av regjeringa 22. juni 2022, og har vore leia av fagdirektør i Helsetilsynet, Erik Stene. Utvalet har samarbeidet tett med eit eige ungdomsutval, beståande av ungdom med eiga erfaring frå barnevernet.
Framtidas institusjonsbarnevern
Det overordna målet til utvalet har vore å vurdere kva oppgåver, rammer og omfang framtidas institusjonsbarnevern skal ha, og greie ut eit alternativ til dagens organisering, med utgangspunkt i barna sine behov. Utvalet har òg sett på kva som skal til for at samarbeidet med andre sektorar, som helsetenesta og justissektoren, kan bli betre.
– Utvalet peikar på ei ny innretting som reduserer flytting og sikrar betre samhandling og tydelegare sektoransvar mellom barnevernet, helsetenesta og justissektoren. Dei peikar også på styrking av dei kommunale omsorgstiltaka. Eg er glad for utvalet sitt klare barneperspektiv og at dei presenterer konkrete forslag for ei ny retning for barnevernet, som gir føreseielegheit og tryggleik for både barna og dei som arbeider der. Vi veit nok om utfordringsbiletet no til å handle, seier Toppe.
Utvalet kjem med totalt 50 tilrådingar, mellom anna:
- Ny og meir fleksibel innretning av institusjonsbarnevernet som reduserer flytting og gir barna eit tilbod nærast mogleg eige nærmiljø.
- Helseteam frå spesialisthelsetenesta knytt til alle barnevernsinstitusjonar, som skal følgje opp barna sine behov for helsehjelp og rettleie dei tilsette institusjonen.
- Tiltak som gjer helsetenesta og kriminalomsorga betre i stand til å ta sin del av ansvaret, saman med barnevernet, for barn med store og samansette behov.
- Tverrfagleg kartlegging av behov og ressursar for alle barn som skal flytte til institusjon.
- Styrking av kommunale butiltak og nytt kommunalt omsorgstiltak for barn som barnevernet har overtatt omsorga for.
Rapporten er sendt på høyring
– Eg vil takke utvalet for ein grundig rapport, og for viktige tilrådingar. Utvalet har gitt oss eit godt grunnlag for å vurdere korleis institusjonstilbodet bør innrettast framover for å sikre at barn som i dag blir flytta til institusjon får den omsorga, hjelpa og rettstryggleiken som dei skal ha. Vi vil jobbe raskt for å vurdere dei tilrådingane utvalet kjem med, seier Toppe.
Barne- og familiedepartementet har no sendt rapporten på høyring, for å få eit best mogleg grunnlag for vidare oppfølging. Rapporten og høyringssvara vil òg inngå i regjeringa sitt arbeid med ei kvalitetsreform i barnevernet. Høyringsfristen er 22. januar 2024.
Les rapporten til Barnevernsinstitusjonsutvalet.
Les oppsummeringa frå Barnevernsinstitusjonsutvalet på nettsida deira.
Sjå overrekkinga 26. oktober i opptak: Barnevernsinstitusjonsutvalet legg fram sin rapport.