Barne- og familieministeren mottek rapport om barn i fattige familiar
Nyheit | Dato: 17.10.2023 | Barne- og familiedepartementet
Ekspertgruppa om barn i fattige familiar legg i dag fram si utgreiing for barne- og familieministeren. I rapporten gir dei tilrådingar for å styrkje oppvekstvilkåra til barn i fattige familiar og førebyggje at fattigdom går i arv.
– Barn skal ikkje måtte oppleve å vekse opp i fattigdom i Norge. Å redusere skilnadene og førebyggje fattigdom er eit prioritert område for regjeringa. Det er viktig både for barna og familiane, og for samfunnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (SP).
Det blir i dag gjort mykje for å motverke fattigdom blant barnefamiliar og dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i ein fattig familie. Delen barn i familiar med vedvarande låg inntekt i Noreg er liten i internasjonal samanheng, men utviklinga har lenge gått i feil retning.
– Sjølv om vi har styrkt tenestetilbodet for barn og unge, så må vi ta på alvor at delen barn i familiar med vedvarande låg inntekt har auka. Derfor blei ekspertgruppa om barn i fattige familiar oppnemnd av regjeringa Støre i august 2022, seier Toppe.
Ekspertgruppas leiar, professor i samfunnsøkonomi ved Universitet i Stavanger, Mari Rege, presenterte i dag rapporten og tilrådingane frå ekspertgruppa.
Sjå ekspertgruppa sitt mandat her.
– Vi må prioritere den innsatsen som verkar best. Eg ser frem til å setje meg grundig inn i vurderingane og anbefalingane til ekspertgruppa, og vil takke for deira bidrag til eit veldig viktig tema, seier Toppe.
Vi opplyser om at SSB har avdekket en feil i et anslag de gjorde for Ekspertgruppen om barn i fattige familier. Feilen gjelder hvordan en økning og skattlegging av barnetrygden vil påvirke andelen barn som vokser opp i lavinntektsfamilier. SSB jobber med nye beregninger og kvalitetssikring av endelig tall. |
---|
Les rapporten til ekspertgruppa om barn i fattige familiar: En barndom for livet – Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familiar.
Les oppsummeringa frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar på nettsida deira.
Sjå overrekkinga 17. oktober 2023: Ekspertgruppa om barn i fattige familiar legg fram si utgreiing.