Revidert nasjonalbudsjett
Avvikling av Eldreombodet
Nyheit | Dato: 12.05.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa varslar i revidert nasjonalbudsjett at den tar sikte på å avvikle Eldreombodet med verknad frå 1. juli 2023. Derfor blir det også føreslått å redusere bevillinga med ein million kroner for inneverande år som eit ledd i ei planlagd avvikling.
Regjeringa si grunngjeving er først og fremst økonomisk. Fleire av Eldreombodet sine oppgåver blir allereie dekka av andre ombod og instansar. Med ein krevjande ressurssituasjon meiner regjeringa at ressursbruken ikkje svarer seg, fordi ulike instansar har overlappande ansvarsområde og funksjonar.
Anerkjenner innsatsen
– Regjeringa anerkjenner den innsatsen Eldreombodet har gjort på kort tid med å synleggjere eldre sine interesser og utfordringar på mange område. Eldre er ei mangfaldig gruppe og det er mange aktørar som fremmer eldre sine interesser. I ei tid der vi må prioritere, meiner regjeringa at det er riktig å rydde i overlappande funksjonar og ansvarsområde, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Regjeringa ønsker eit aldersvennleg samfunn. Dette oppnår ein ved at alle aktørar er opptekne av utfordringar eldre kan møte i ulike samfunnssektorar. Det skal ikkje bli overlate til eitt særskilt ombod å bry seg om situasjonen til eldre menneske.
Ei rekke organisasjonar arbeider aktivt for å fremme interessa til den eldre befolkninga. På vegne av regjeringa held Arbeids- og inkluderingsministeren no fire årlege møter med pensjonistane sine organisasjonar.
Bu trygt heime-reformen
– Regjeringa er svært opptatt av å førebu oss på at vi blir fleire eldre, og vi startar no arbeidet med ein Bu trygt heime-reform. Her vil tverrsektorielle perspektiv på aldersvennlege samfunn, knytt til blant anna trygg og tilpassa bustad, digitalisering, nærmiljø og transport, inngå, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
– Vi skal bidra til at ombodets arbeid blir ført vidare, understrekar ho.
Regjeringa styrker pasient- og brukaromboda for å sikre at dei er til stades i heile landet, og dette vil komme dei eldre i helse- og omsorgstenestene til gode.
Ei gradvis avvikling
Regjeringa vil kome tilbake med informasjon om prosessen i statsbudsjettet til hausten. At det allereie no blir varsla ei avvikling av Eldreombodet frå neste sommar, er av omsyn til dei tilsette og til verksemda, slik at ombodet kan planlegge for ei gradvis avvikling, i samarbeid med departementet.
Helse- og omsorgsministeren har orientert eldreombodet Bente Lund Jacobsen på førehand, og ho vil i forkant av framlegginga av RNB informere dei tilsette. Deretter vil departementet orientere om deira rettigheiter og prosessen vidare. Departementet vil hjelpe eldreombodet i naudsynte administrative oppgåver knytt til avviklinga.