Avtale om ekstra innsats i bydelen Kroken i Tromsø på plass
Pressemelding | Dato: 11.09.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande og ordførar i Tromsø Gunnar Wilhelmsen skreiv i dag under ein avtale om områdesatsing i bydelen Kroken. Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar.
− Vi trur dette vil løfte lokalsamfunnet i Kroken. Med områdesatsing gjer ein ekstra innsats for tenesteutvikling og å skape betre nærmiljøkvalitet. Stat og kommune må jobbe saman for å betre levekåra i byar og byområde med store utfordringar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Tromsø kommune skal jobbe med å skape gode og trygge bo-, oppvekst- og nærmiljø i bydelen Kroken. Dei vil auke kvaliteten i dei fysiske omgivnadene og legge til rette for attraktive møteplassar.
Kroken skal bli eit inkluderande samfunn med aktive deltakarar. Kommunen skal jobbe med å finne ut kva som skal til for at det blir enda betre å bu og leve i Kroken, saman med innbyggarane.
− I Tromsø skal alle kunne leve gode og aktive liv. Kvardagslivet levast i hovudsak i bydelen du bur i. Kroken bognar av liv og røre, med alt frå unge menneske, barnefamiliar og godt vaksne. No skal vi, saman med innbyggjarane, gjere Kroken til ein enda betre stad å bu, seier ordførar Gunnar Wilhelmsen om områdesatsinga.
I områdesatsingane blir det arbeida med å betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar og tenesteutvikling. Dette er viktig innsats for inkluderande lokalsamfunn der fleire deltar.
Områdesatsingar er langsiktige avtalar mellom stat og kommune. Målet er å gjere ein ekstra innsats i område med mange innbyggjarar og utfordringar knytt til levekår. Satsinga skal bidra til å utvikle nye erfaringar og innovative løysingar, som kan vi ha eksempel? som kan brukast av fleire kommunar som også har levekårsutfordringar.
– Sjølv om den sosiale skilnaden i Tromsø kan vere mindre enn i andre byar, er det likevel viktig å hindre ei negativ utvikling. Vi kan nytta områdesatsing som verkemiddel også i Tromsø, slik fleire andre kommunar har gjort med hell, seier kommunal- og distriktsminister Sande.