Avtale om ekstra innsats i bydelane Hillevåg og Kvernevik i Stavanger

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande og ordførar i Stavanger Tormod Wilson Losnedal skreiv i dag under ein avtale om områdesatsing i bydelane Hillevåg og Kvernevik. Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å jamne ut sosiale ulikskapar og løyse levekårsutfordringar.

statsråden holder et innlegg foran en samling med skolebarn
Statsråd Erling Sande heldt tale for skuleungdom i Hillevåg onsdag i samanheng med signering av avtale. Foto: Jon Berg, KDD

− Regjeringa går saman med Stavanger i det viktige arbeidet å skape gode levekår og inkluderande lokalsamfunn i desse bydelane, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Områdesatsingar er langsiktige avtalar mellom stat og kommune. Regjeringa bidreg med 50 millionar kroner over fem år. Målet er å gjere ein ekstra innsats i område med mange innbyggjarar, og utfordringar knytt til levekår. Satsinga skal bidra til å utvikle nye erfaringar og løysingar som og kan brukast av andre kommunar med levekårsutfordringar.

Stavanger sine innsatsområde er barn og unge, gode bu- og nærmiljø og medborgarskap. Det har vore omfattande involvering frå innbyggarane i begge bydelane. Dei som bur der, ønskjer mellom anna betre fysiske og sosiale kvalitetar i nærmiljøet.

– Vi skal byggje vidare på tidlegare samarbeid og læring frå Storhaug. Det er interessant å sjå kva områdesatsing kan bidra med i ei tid med strammare kommuneøkonomi og behov for å jobbe på nye måtar. Erfaringa med samarbeidet med staten dei siste åra har vore positiv, og vi ser fram til nye fem år i andre område, seier ordførar Tormod Losnedal.

Stavanger planlegg fleire aktivitetar på dei unge sine premissar. Kommunen vil bruke skulen som møtearena og lage fleire grøntområde. Utstrekt samarbeid med frivillige organisasjonar er òg eit kjenneteikn ved områdesatsingsarbeidet i byen.

Stavanger har altså allereie erfaring med områdesatsing i Storhaug bydel. Erfaringar frå dette arbeidet blir tatt med i dei nye bydelane.

− Kommunen har høyrt på innbyggarane og fått innspel frå dei som bur her. Eg har tru på at dette vil løfte lokalsamfunna og få fleire til å delta, seier Sande.