Revidert nasjonalbudsjett
Aukar støtta til Fair Play Bygg
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Fair Play Bygg med 2 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.
– Samtidig som det norske arbeidslivet blir utfordra av useriøse aktørar, har ei rekke høgrestyrte kommunar kutta støtte til Fair Play Bygg sitt arbeid mot arbeidslivskriminalitet. No foreslår regjeringa å dobla tilskotet. Arbeidet som Fair Play Bygg gjer mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet er viktigare enn nokon gong, og må styrkast, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Fair Play Bygg er eit topartssamarbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida.
Dei motverkar utfordringar som sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Fair Play Bygg blir finansiert gjennom frivillig løyving og donasjonar.
Ettersom organisasjonen opplever at støtta frå ein del kommunar går ned, vil ein foreslått auke i støtta vere viktig for at arbeid ikkje skal bli utsett. Det samla tilskotet blir i år dobla til 4 millionar kroner.
– Eit seriøst arbeidsliv må skje i fellesskap mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet. Ved å auke støtta til Fair Play Bygg kan vi styrke arbeidet til partane i arbeidslivet ved å gi informasjon og rettleiing om useriøse aktørar til utsette arbeidsgjevarar- og arbeidstakarar, og til styresmaktene, seier Brenna.