Auka støtte til ukrainske flyktningar i Moldova
Pressemelding | Dato: 17.04.2024 | Utanriksdepartementet
Noreg gir ytterlegare 70 millionar kroner til humanitær hjelp i Moldova. Utanriksminister Espen Barth Eide besøkte tysdag og onsdag Ukraina sitt naboland.
Behova er storefor støtte til dei om lag 100.000 ukrainske flyktningane i landet, til familiane som har teke dei imotogtilsårbare moldovarar.
– Den moldovske hovudstaden ligg berre rundt tre timars køyretur frå hamnebyen Odesa i Ukraina, som no opplever stadig hyppigare angrep. Ikkje noko naboland har teke imot fleire av dei som flyktar frå dei russiske angrepa, seier utanriksminister Espen Barth Eide under sitt første besøk i Chișinău.
Den norske nødhjelpa til Moldova er retta inn slik at ho både skal hjelpe i ein akutt fase, men også bidra til at både flyktningar og fattige moldovarar skal klare seg godt i framtida. Norsk sivil støtte skal òg bidra til å byggje opp den moldovske staten på sikt, med sterke og solide samfunnsinstitusjonar.
Utanriksministeren har mellom anna møtt president Maia Sandu, statsminister Dorin Recean, visestatsminister for reintegrasjon, Oleg Serebrian, stadlege diplomatar, og leiaren for Senteret for strategisk kommunikasjon og kamp mot desinformasjon, Ana Revenco.
Moldova er stilt overfor store utfordringar som følgje av Russland sin angrepskrig mot Ukraina. Styresmaktene har måtta handtere ein djup krise for økonomien, energiforsyninga og den nasjonale tryggleiken. Knapt noko land har vore så hardt utsett for russiske desinformasjonskampanjar.
– Under president Sandu har dei evna å gjere store framsteg i ein krevjande situasjon. Moldova har starta eit omfattande reformarbeid og med stor omsorg teke imot svært mange flyktningar frå nabolandet, seier Eide.
Gjennom Noregs støtte til Ukraina og nabolanda, Nansen-programmet, hjelper Noreg den moldovske staten å handtere krisane, og støttar opp om rettsstatsreformer og tettare samarbeid med resten av Europa.
I 2023 gav Noreg gjennom eit samarbeid med Den europeiske banken for gjenoppbygning og utvikling (EBRD) 400 millionar kroner til Moldova for kjøp av gass. Noreg løyvde òg 100 millionar kroner til Verdsbankens nyoppretta fleirgivarfond Moldova Growth, Resilience and Opportunities for Wellbeing (M-GROW), som vil hjelpe Moldova til å betre konkurranseevna, energieffektiviteten og styrken i landet institusjonar og styresett.
Noreg er blant dei største humanitære givarane i Moldova. Medrekna dei siste 70 millionane har Noreg bidrege med omtrent 490 millionar kroner i humanitær støtte sidan Russland sin fullskala-invasjon av Ukraina i 2022. Ifølgje FN fekk rundt menneske humanitær støtte i 2023. Det inkluderer kontantoverføringar til 86.000 ukrainske flyktningar og 46.000 moldovske vertsfamiliar,
Efta-landa og Moldova forhandla i 2023 fram ein frihandelsavtale som legg grunnlaget for styrkte økonomiske band.
Moldovas president Maia Sandu kjem på statsbesøk til Noreg 6.-7. mai. Kong Harald og Dronning Sonja vil vere vertskap for besøket. Det er første gong ein moldovsk president besøkjer Noreg, eit sikkert teikn på at banda mellom landa har styrkt seg dei siste åra.
Noreg har vedteke å opne eit ambassadekontor i den moldovske hovudstaden Chișinău for å følgje opp støtta og ytterlegare styrke sambanda.