Statsbudsjettet 2025
Auka satsing på berekraftig fôr
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Regjeringa foreslår å auke satsinga på samfunnsoppdraget om berekraftig fôr med 15 millionar kroner.
– Samfunnsoppdraget skal bidra til berekraftig produksjon av fôr basert på meir norske råvarer, og vil kunne redusere klimautslepp og styrkje sjølvforsyningsgraden vår, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).
Meir til forsking og utvikling
Regjeringa foreslår å styrkje innsatsen for å følgje opp samfunnsoppdraget med 15 millionar kroner i 2025. Midlane skal sikre framdrift og kontinuitet i arbeidet, styrkje forskingsinnsatsen på fôrområdet og bidra til å identifisere eventuelle kunnskapshol av betydning for det vidare arbeidet med regelverksarbeid på området.
-Skal me styrka beredskapen og sjølvforsyninga må meir av kraftfôr og fiskefôr produserast på norske ressursar. Det vil òg gjera fôret meir berekraftig. Den forsterka innsatsen me legg ned no, skal sikra framdrift i samfunnsoppdraget. Han skal òg bidra til ein heilskapleg og koordinert innsats for forsking og utvikling som dekker heile utviklingsløpet frå idé til marknad, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
Fakta: Målretta samfunnsoppdrag
Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innan ein gitt tidsfrist. Samfunnsoppdraget skal byggje vidare på og forsterke dagens innsats i det næringsretta verkemiddelapparatet.
Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr har desse måla:
Hovudmål
Innan 2034 skal alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr kome frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Samfunnsoppdraget skal bidra til å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningstryggleiken i Noreg.
Delmål
- Redusere klimagassutslepp frå råvarer brukt til fôr til oppdrettsfisk og kraftfôr til husdyr i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande norske klimaforpliktingane.
- Auke delen importert fôrråvarer frå berekraftige kjelder med mål om å redusere det globale klimafotavtrykket.
- Auke delen norskproduserte råvarer i fôr til oppdrettsfisk frå 8 til 25 prosent innan 2034.
- Auke delen norskproduserte råvarer i kraftfôr til husdyr frå 55 til 70 prosent innan 2034.
- Auke kvaliteten og delen grovfôr i fôrrasjonen til drøvtyggjarar.
- Sikre tilgang til kritiske mikroingrediensar til fiske- og dyrefôr innan 2034.
Måla som er sette er ein kombinasjon av ambisjonar og kva ein reknar med er mogleg, og det blir teke høgde for at måla skal kunne justerast etter kvart som det blir hausta erfaringar frå samfunnsoppdraget. Det blir lagt opp til at samfunnsoppdraget skal evaluerast i 2026, inkludert ei eventuell opp- eller nedskalering av delmåla.