Årets trussel- og risikovurderingar er kunngjord

12. februar la Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Nasjonalt tryggingsorgan fram sine opne trussel- og risikovurderingar.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) innleia pressekonferansen, før Sjef Etterretningstenesta, kontreadmiral Nils Andreas Stensønes, sjef Politiets tryggingsteneste, Beate Gangås, og sjef Nasjonalt tryggingsorgan, Lars Christian Aamodt, la fram sine vurderingar rundt aktuelle tryggingsutfordringar.

Fokus 2024
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) innleia pressekonferansen. Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret

– Den tryggingspolitiske situasjonen vi er i er alvorleg. Det går føre seg ein fullskala invasjonskrig i Europa. Vi står ved eit tidsskilje. Småstatar som Noreg må manøvrera med kløkt. Vi må ta omsyn til den tryggingspolitiske risikoen i avgjerder som fattast i alle sektorar. Noreg og Europa må vera førebudd på å ta eit større ansvar for eigen og alliert tryggleik. Rapportane som i dag vert presenterte understrekar at verda er farlegare og meir uføreseieleg, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

– Endringa i den sikkerhetspolitiske situasjonen gjer det særleg viktig å løfte fram arbeidet med totalforsvar og beredskap. Dette påverkar alle deler av samfunnet, både sivil og militær sektor. Trusselbiletet i Noreg er komplekst og krevjande, og regjeringa har teke viktige grep i arbeidet for å styrkje nasjonal tryggleik og kontroll. Samtidig må vi i fellesskap gjere meir for å auke tryggleiken vår på tvers av samfunnet. Dette går nå inn i vårt pågåande arbeid med totalberedskapsmeldinga, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Rapportane

I den årlege trusselvurderinga «FOKUS» gir Etterretningstenesta analysen sin av status og venta utvikling innanfor tematiske og geografiske område som tenesta vurderer som særleg relevant for norsk tryggleik og nasjonale interesser.

PST si årlege trusselvurdering er ein analyse av venta utvikling innanfor PSTs ansvarsområde, som terror, spionasje og truslar mot myndigheitspersonar.

I  «RISKO 2024 - Auka uvisse - høgare beredskap» vurderer NSM risikoen for at samfunnet blir ramma av tilsikta handlingar som kan skade viktige samfunnsinteresser.

Sjå pressekonferansen i opptak her: Felles framlegging av trussel- og risikovurderingar - regjeringen.no