Statsbudsjettet 2025
Akseleratorprogram for helseinnovasjon
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår fire millionar kroner til eit nytt akseleratorprogram for helseinnovasjon gjennom Innovasjon Norge.
– Næringslivet har ei viktig rolle i arbeidet med å realisere regjeringa sine helsepolitiske mål. Helseakseleratorprogrammet har potensialet til å auke bruken av etablerte verkemiddel for helseinnovasjon som til dømes kan bidra til å redusere ventetidene, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Verkemidla Vestre viser til er Innovasjonspartnerskap, Pilot Helse, Helseteknologiordninga og Leverandørutviklingsprogrammet som er fordelt mellom aktørar som mellom anna Innovasjon Norge, Helsedirektoratet og Forskningsrådet.
– Det er eit stort potensial i å sjå næringspolitiske og helsepolitiske mål i samanheng. Dette programmet kan bidra til raskare utvikling av ny teknologi og nye løysingar for helse- og omsorgstenestene, og vil også kunne auke norsk helsenæring sine moglegheiter på eksportmarknadane, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Programmet er ei oppfølging av Nasjonal helse- og samhandlingsplan, Vegkart for helsenæringa og den spissa helsesatsinga i «Hele Norge eksporterer» (helenorgeeksporterer.no).
Verkemiddel som vil inngå i ordninga og bidra til at utvikling, implementering og spreiing skjer raskare, vil vere retta mot tiltak som skal støtte opp under:
- Kopling mellom offentleg helse- og omsorgsteneste og helsenæringa
- Rettleiing- og kompetanseprogram retta mot helse- og omsorgstenestene og helsenæringa
- Tiltak for å spre innovasjonar i heimemarknaden og dermed også gjere det enklare for eksport
Akseleratorprogrammet vil vidare kunne bidra til ei kopling mot eksterne finansieringskjelder som EU sitt Horisont Europa og investormiljø.