Abelprisen til Michel Talagrand
Nyheit | Dato: 20.03.2024 | Kunnskapsdepartementet
Årets Abelpris går til Michel Talagrand ved Centre national de la recherche scientifique (CNRS) i Paris, Frankrike. Han får prisen for banebrytande bidrag til sannsynsteori og funksjonalanalyse.
– Mine varmaste gratulasjonar til Michel Talagrand, som er ein verkeleg verdig Abelprisvinnar. Han er ein imponerande forskar, som har gitt oss meir kunnskap om den matematiske teorien knytt til tilfeldige fenomen som vi er omgitt av, slik som vêrprognosar og store språkmodellar. Eg ser fram til å ønske han velkommen til Noreg i mai for å ta i mot Abelprisen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Abelprisen vart etablert av Stortinget i 2002 og blir delt ut for framifrå matematisk arbeid. Prisen er på 7,5 millionar norske kroner. Prisen skal også bidra til å auke statusen til matematikkfaget i samfunnet og stimulere barn og unge til å bli interesserte i matematikk.
Abelprisen blir delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi som forvaltar prisen på vegner av Kunnskapsdepartementet. Akademiet har sett ned ein Abel-komité som består av fem internasjonalt anerkjende matematikarar. Komiteen vurderer nominerte kandidatar og tilrår ein verdig prisvinnar til Akademiets styre. Prisen blir delt ut 21. mai av Hans Majestet Kong Harald i Universitetets Aula i Oslo.