952 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år
Pressemelding | Dato: 06.10.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 2,6 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2023.
Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.
På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.
− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett. Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Fordeling av frie inntekter
Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Agder og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.
For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.
Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.
Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.
Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023
Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023
|
Anslag på |
Vekst frå anslag |
|
|
frie |
på rekneskap 2022 - 2023 |
|
||
Kommune |
inntekter |
Nominelle |
Prosent |
|
2023 |
kroner |
|||
(1000 kr) |
(1000 kr) |
|||
|
1 |
2 |
3 |
|
4201 Risør |
466 327 |
14 242 |
3,2 |
|
4202 Grimstad |
1 502 388 |
48 636 |
3,3 |
|
4203 Arendal |
2 895 483 |
99 084 |
3,5 |
|
4204 Kristiansand |
7 238 271 |
262 276 |
3,8 |
|
4205 Lindesnes |
1 594 990 |
54 268 |
3,5 |
|
4206 Farsund |
653 122 |
29 863 |
4,8 |
|
4207 Flekkefjord |
641 202 |
21 849 |
3,5 |
|
4211 Gjerstad |
182 274 |
4 554 |
2,6 |
|
4212 Vegårshei |
162 158 |
4 589 |
2,9 |
|
4213 Tvedestrand |
425 281 |
19 600 |
4,8 |
|
4214 Froland |
402 078 |
13 152 |
3,4 |
|
4215 Lillesand |
725 864 |
21 714 |
3,1 |
|
4216 Birkenes |
375 116 |
14 016 |
3,9 |
|
4217 Åmli |
166 989 |
3 260 |
2,0 |
|
4218 Iveland |
114 489 |
4 866 |
4,4 |
|
4219 Evje og Hornnes |
260 159 |
8 023 |
3,2 |
|
4220 Bygland |
103 635 |
2 381 |
2,4 |
|
4221 Valle |
102 132 |
4 229 |
4,3 |
|
4222 Bykle |
99 331 |
3 031 |
3,1 |
|
4223 Vennesla |
991 158 |
40 135 |
4,2 |
|
4224 Åseral |
84 662 |
2 256 |
2,7 |
|
4225 Lyngdal |
755 831 |
33 806 |
4,7 |
|
4226 Hægebostad |
146 211 |
7 055 |
5,1 |
|
4227 Kvinesdal |
435 704 |
22 682 |
5,5 |
|
4228 Sirdal |
162 461 |
4 485 |
2,8 |
|
Til fordeling gjennom året |
18 200 |
|
|
|
Agder |
20 705 516 |
743 902 |
3,7 |
|
Agder fylkeskommune |
4 719 041 |
208 116 |
4,6 |
|
Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.
Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.
Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no