Statsbudsjettet 2025
800 millionar kroner meir til barnevernet
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa styrker institusjonsbarnevernet for å auke kapasiteten og iverksetting av ein ny retning der staten tar større ansvar for barna med størst behov. Barna skal oppleve meir stabilitet og ro, betre helsehjelp og fleire skal få ein fosterheim. Regjeringa føreslår derfor heile 800 millionar kroner meir til barnevernet i 2025.
– Regjeringa styrker barnevernet for å sikre at barn i barnevernet får den hjelpa og omsorga dei treng. Løyvinga skal mellom anna bidra til at vi får fleire institusjonsplassar, betre institusjonsplassar og fleire fosterheim, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Dette er tiltaka regjeringa no varslar:
- 552 millionar kroner meir til det statlege barnevernet for å handtere auka prisar og løyvinga til private rammeavtaler for å vareta bistandsplikta, og sikre langsiktig kapasitetsbygging. Dette skal bidra til å møte behova til barna med store og samansette behov og redusera einskildkjøp i framtida. Det skal òg etablerast fleire statlege institusjonsplassar for barn med store og samansette behov.
- 58 millionar kroner til pilotering av ei ny innretting av institusjonsbarnevernet, med større innslag av tverrfagleg kompetanse frå barnevern og helse.
- 20 millionar kroner til å prøva ut ein pilot i barnevernsinstitusjonar for å styrke tilbodet innanfor eksisterande institusjonar for barn med gjentakande eller alvorleg kriminalitet.
- 26 millionar kroner til oppbygging av MST-tilbod (Multisystemisk Terapi), som ein del av satsinga på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.
- 20 millionar kroner til kriminalitetsforebyggande foreldrestøttande arbeid, for å styrke foreldra slik at dei kan vareta sitt foreldreansvar og vere gode omsorgspersonar for sine barn.
- 114 millionar kroner til å styrke fosterheimsområdet, herav 50 millionar kroner for å sikre fosterheimar betre oppfølging. Det skal gå mellom anna til å styrkje fag- og tiltaksstøtta til kommunane i deira arbeid med fosterheim og styrkje tilskotsordning for læringnettverk, slik at fleire kommunar kan etablere felles fosterheimstilbod og tiltak for auka bruk av familieråd. 64 millionar kroner skal gå til å sikre fosterforeldre tenestepensjon. Det skjer ved å auke rammetilskotet til kommunane for å kompensere kommunane for forventa meirutgifter til tenestepensjon til fosterforeldre. Målet er å rekruttera fleire fosterforeldre som vil stå i oppdraget over tid, og gi meir ro og stabilitet for barna.
- 28 millionar kroner til å oppdatere sakshandsamingssystemet i det statlege barnevernet, for å gi auka tilgang på naudsynt styringsinformasjon, analysedata og digitale løysingar.
– Disse tiltaka skal bidra til å sikre at barn og unge i barnevernet får riktig hjelp og omsorg, til rett tid, og sørge for at barna og ungdommane i barnevernet får ein trygg oppvekst, seier Toppe.