Statsbudsjettet 2024

75 millionar til The Whale i Andøy kommune

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjering foreslår å løyve til saman 75 millionar kroner til det planlagde museums- og opplevingssenteret The Whale på Andøya, der 20 mill. kroner vert foreslått løyva i 2024. Senteret vil bidra til omstilling av Andøysamfunnet, og særleg til utvikling av reiselivsnæringa i regionen.

– The Whale er eit viktig prosjekt for Andøysamfunnet og vil skape fleire attraktive og spanande arbeidsplassar i regionen. Senteret vil også bli ein viktig arena for innbyggarane i Andøy og gi positive ringverknader for reiselivsnæringa, seier kommunal- og distriktsminister, Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Regjeringa støtter opp om Andøysamfunnet og det nødvendige omstillingsarbeidet etter vedtaket om nedlegging av Andøya flystasjon i desember 2016.

­– Andøysamfunnet går gjennom ei krevjande omstilling, etter at Forsvaret reduserte sin aktivitet i kommunen. Regjeringa satsar på å løfte andre næringar på Andøya, slik som romfartsatsinga. The Whale bidreg til å løfte samfunnet framover, seier Gjelsvik.

The Whale er sterkt forankra lokalt og regionalt. Tilskotet til The Whale går som ei øyremerka tilleggsløyving til Andøy kommune, gjennom Andøyfondet.

– Regjeringa har vore tydeleg på at Andøy-samfunnet ikkje skal stå åleine i omstillinga dei må gjennom. Vi starta med eit fond på 250 millionar kroner, no forpliktar vi oss til dei siste 75 millionane som gjer at The Whale kan realiserast. Det er eit fantastisk prosjekt som handlar om å formidle meir kunnskap om menneske sitt møte med kvalen. Det har internasjonal interesse, og det vil ha stor verdi for reiselivsnæringa i heile regionen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no