Statsbudsjettet 2025

75 millionar til lokalt og regionalt kulturliv

Regjeringa vil sette av 75 millionar kroner til regionale kulturfond. Dette skal gi fylkeskommunane meir musklar til å støtte lokalt og regionalt kulturliv.

– Vi håper og trur at dette kan bidra til fleire og betre kulturtilbod i alle regionane i landet. Fylka er svært ulike både når det gjeld geografi, demografi og kulturtilbod. For at desse pengane skal treffe lokale og regionale behov ønsker vi å gi fylkeskommunane stort handlingsrom i utlysing og fordeling, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Dette blir ei ny desentralisert tilskotsordning på kulturområdet der målgruppa er både frivillige og profesjonelle kulturaktørar.

Dei 75 millionane til regionale kulturfond kjem i tillegg til rammetilskotet og dei frie inntektene til fylkeskommunane.

– Regjeringa vil at kunstnarar skal kunne busette seg over heile landet, og at folk skal ha tilgang på kunst og kultur der dei bur. Eg håper dette kan støtte opp under endå fleire initiativ og samarbeid mellom lokale eldsjeler, ambisiøse amatørar og profesjonelle dirigentar, skodespelarar og kunstnarar, og bidra til gode kulturopplevingar for små og store, seier Jaffery.

Målet er at midlane i ordninga regionale kulturfond skal lysast ut i fylka allereie i 2025.

Regjeringa foreslår at pengane skal fordelast slik:

Fylkeskommune

Beløp (1 000 kroner)

Østfold

4 327

Akershus

7 727

Oslo

7 574

Buskerud

4 108

Innlandet

5 404

Vestfold

3 854

Telemark

3 363

Agder

4 534

Rogaland

5 908

Vestland

7 423

Møre og Romsdal

4 110

Trøndelag

6 154

Nordland

4 163

Troms

3 428

Finnmark

2 923

Totalt

75 000