6,7 millionar til kompetansetiltak innan plan, kart og geodata
Pressemelding | Dato: 04.07.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet har fordelt 6,7 millionar kroner i tilskot til ei rekke prosjekt og tiltak rundt om i landet. Midlane skal vere med på å auke effektiviteten og kvaliteten på samfunns- og arealplanlegginga.
Tilskota blir gitt til ulike verksemder, organisasjonar og faglege nettverk. Løyvinga frå departementet skal auke kompetansen innan planlegging og utvikling av kart og geodata i privat og ideell sektor.
- Det er viktig at alle involverte i planprosessar har god kunnskap om sine rettar, plikter og om gangen i planarbeid. Dei tiltaka som no får tilskot, vil komme deltakarane i planprosessar til gode, inkludert innbyggarar, folkevalde, planleggarar, organisasjonar og næringsliv, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Det er to prioriterte tilskotsmottakarar i årets tildeling. Dette er BYLIVsenteret i regi av Norske arkitekters landsforbund (NAL), som får tilskot til drift på ein million kroner, og Sekretariatet for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) som får tilskot til drift på ein million kroner. Begge arbeidar med å auke den offentlege plankompetansen. Restbeløpet på kr 4.700.000 vart utlyst med søknadsfrist 15. april.
I år har departementet fått 59 søknader. Det samla søknadsbeløpet var på ca. 20 millionar kroner. Beløpet det vart søkt om i 2023 var 13,1 millionar kroner, noko som vitnar for stor og aukande interesse for ordninga.
- Vi vonar at prosjekta som no får midlar vil bidra til at kommunane og fylkeskommunane lukkast med god medverking i planarbeidet, at planane har god kvalitet og teknisk standar og at prosessane går effektivt, seier statsråden.
Desse får tildelt tilskot i 2024:
- 3D/Analyse
- Arkitektum
- Byantropologene AS, Grindaker AS Landskapsarkitekter
- BYLIVsenteret
- Civitas
- Digin
- Forum for kommunal planlegging (FKP)
- Forum for natur og friluftsliv Oslo og Akershus
- Forum for utdanning i samfunnsplanlegging (FUS)
- Sekretariat for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS)
- Geoforum
- Habitat Norge
- Holth og Winge
- KS - Avdeling for samferdsel, plan og miljø
- Norsk bolig- og byplanforening (BOBY)
- Norsk kommunalteknisk forening
- Norsk Sentrumsutvikling
- Norske arkitekters landsforbund
- Open House Bergen
- Open House Oslo
- Salt Lofoten AS
- Transport-økonomisk institutt
- Kart og Plan/TEKNA
Resultat og eksempel frå prosjekt som tidlegare har fått tilskot finn du på denne sida:
Kompetanseprosjekter - plan, kart og geodata (regjeringen.no)
Meir om ordninga: Søk om tilskudd til kompetansetiltak innen plan, kart og geodata - frist 14. april (regjeringen.no)
Tilskotet er omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal - og moderniseringsdepartementet under kap. 590 "Planlegging og byutvikling", post 81.