52 millionar kroner i bu- og reisestøtte til studentar
Pressemelding | Dato: 05.12.2023 | Kunnskapsdepartementet
Nok praksisplassar er den største flaskehalsen for å få utdanna nok helsepersonell. Difor deler regjeringa ut pengar til å dekke utgifter til bustad og reise for helse- og sosialfagstudentar som får praksisplass langt unna campus. NTNU, UiT – Noregs arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet er blant dei som får mest.
Norske kommunar slit med å få tak i nok helsepersonell. Regjeringa har allereie oppretta fleire studieplassar, men for kvar studieplass må det følge ein praksisplass.
– No deler vi ut 52 millionar kroner til stipend for helse- og sosialfagstudentar med praksis langt frå studiestaden. Dette er vinn-vinn for alle. Om lag 3500 studentar får støtte til ein praksisplass og mange distriktskommunar kan for første gang tilby praksisplassar. Vi veit at studentar som har vore i praksis i ein kommune, ofte tar jobb der etterpå også, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Støtte til 3500 studentar to år på rad
Dei siste to åra har universiteta og høgskulane kunne søke om støtte for å ta i bruk praksisplassar i fleire kommunar. I fjor vart det fordelt 50 millionar kroner til bu- og reisestipend.
I revidert nasjonalbudsjett for 2023 løyvde regjeringa 20 millionar kroner til støtteordninga. I tillegg har regjeringa foreslått 31,9 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024. Til saman vil regjeringa dele ut nær 52 millionar kroner til ti universitet og høgskular.
Så langt har ordninga gitt gode resultat. 47 nye distriktskommunar har kunna tilby praksisplassar, og talet er venta å auke. Både tildelinga i fjor og den nye tildelinga når om lag 3500 studentar kvar gong. I 2024 betyr det støtte til 5916 veker i praksis.
Prioriterer dei minst sentrale kommunane
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som administrerer ordninga.
– Vi ser at ordninga er svært populær og vi hatt ei stor oversøking i år. Difor har vi diverre ikkje kunne prioritere praksisplassar som ligg nært sentrale campus, seier direktør Sveinung Skule i HK-dir.
Nøkkelen for løyvingar er SSB sin sentralitetsindeks. Fordi det var søkt om meir pengar enn det var tilgjengelege midlar til, vart behovsmeldingar innan sentralitetsklasse seks, fem, og dels fire prioriterte.
Slik er midlane fordelte:
Institusjon |
Tildelt beløp |
NTNU |
kr 16 101 911 |
UiT - Noregs arktiske universitet |
kr 12 795 170 |
Høgskulen på Vestlandet |
kr 8 304 439 |
Nord universitet |
kr 5 737 633 |
Universitetet i Agder |
kr 4 357 921 |
VID vitenskapelige høgskole |
kr 1 531 351 |
Høgskolen i Innlandet |
kr 1 391 003 |
Universitetet i Stavanger |
kr 597 871 |
Universitetet i Bergen |
kr 554 365 |
Universitetet i Oslo |
kr 526 637 |
sum |
kr 51 898 300 |