Statsbudsjettet 2025
50 millionar kroner til det vidare arbeidet med ubåtvraket U-864
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner til det vidare arbeidet med ubåtvraket U-864 og kvikksølvlasta.
– I revidert nasjonalbudsjett la regjeringa fram avgjerda om at vi vil undersøke om delar av kvikksølvlasten kan hentast opp, og deretter heve mest mogleg av kvikksølvet. Til slutt vil vi dekkje til vraket og området rundt. No foreslår vi å løyve 50 mill. kroner til den første delen av arbeidet, som er undersøkinga av vraket, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).
Ekspertutvalet som vurderte vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, tilrådde ein trinnvis prosess for vidare handtering av ubåtvraket. Dette inneber å undersøke kor mykje av kvikksølvlasten som kan hentast opp, så heving av mest mogleg av kvikksølvet, dersom det let seg gjere, og deretter tildekking av vraket og forureina sjøbotn.
– Med finansiering i 2025 kan ein starte gjennomføring av den trinnvise prosessen slik ekspertutvalet tilrådde, med sikte på mogleg heving av last. Dette er ei stor nasjonal miljø- og havsak som no treng å finne si løysing, også av omsyn til dei som bur i regionen, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Kystverket har fått i oppdrag å undersøke om det er mogleg å hente opp delar av kvikksølvlasten. Dei vil gjennomføre undersøkinga i samråd med fagmiljø med kompetanse innan subsea- og offshore-operasjonar, ammunisjon, eksplosivar og miljø. Undersøkinga vil etter planen bli gjennomført i løpet av første halvdel av 2025.
Fakta om ubåten U-864
Den tyske ubåten U-864 vart senka av den britiske ubåten HMS "Venturer" 9. februar 1945. Alle om bord omkom. Ubåten var på veg frå Tyskland via Noreg til Japan med personell med teknisk spesialkompetanse og materiell til den japanske krigsindustrien. Det blir antatt at det var lasta ca. 67 tonn metallisk kvikksølv i stålbehaldarar i kjølhuset til ubåten. Det er ikkje funne dokument som kan stadfeste mengda. Vraket vart funne av Sjøforsvaret i februar 2003. Det ligg på 150 meters djup, 4 km vest for Fedje i Vestland. Vraket er delt i to store seksjonar, ein baugseksjon og ein akterseksjon. Eit område på 47 000 m2 rundt vraket er kvikksølvforureina.
Les meir om saka: Vraket av ubåten U-864 - regjeringen.no