Statsbudsjettet 2025
40 millionar til styrking av norsk og samisk språk i KI
Pressemelding | Nr: 49/24 | Dato: 07.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve til saman 40 millionar kroner til trening, oppdatering og tilgjengeliggjering av norske og samiske språkmodellar. Modellane skal brukast i utviklinga av KI-baserte verktøy og tenester.
– Kunstig intelligens gjev moglegheiter vi som samfunn bør dra nytte av, men vi kan ikkje overlate utviklinga til store internasjonale tech-selskap åleine. Ei satsing på utvikling av nasjonale språkmodellar er nødvendig for at vi i framtida skal kunne kommunisere med maskinar som forstår norsk og samisk språk og kultur, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Regjeringa foreslår at 20 millionar kroner går til Nasjonalbiblioteket, som skal trene, oppdatere og gjere tilgjengeleg språkmodellar som andre kan bruke til å utvikle KI-baserte verktøy. Vidare foreslår regjeringa at 20 millionar kroner skal gå til finansiering av reknekraft til trening av modellane, levert av det statlege tungrekneselskapet Sigma2 AS, som er eigd av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør.
– No byggar vi naudsynt teknologisk infrastruktur for kunstig intelligens, så norsk næringsliv og offentleg sektor kan utvikle tenester på våre eigne språk. Digital bruk av norsk og samisk er avgjerande for å bevare dei som levande og samfunnsberande språk. Viss ikkje vi tar dette ansvaret sjølve, er det ingen andre som kjem til å gjere det for oss, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Språkmodellar frå internasjonale teknologiselskap, som ligg til grunn for tenester som ChatGPT, er lite trena på norsk materiale, og har derfor ikkje god nok kjennskap til norsk og samisk språk og norske forhold. Språkmodellar som derimot er trena på norsk og samisk innhald vil kunne danne utgangspunkt for KI-verktøy som er betre tilpassa bruk på norske arbeidsplassar, i norsk skule og utdanning.
Med denne satsinga fremmer regjeringa teknologiutvikling og innovasjon, samtidig som norsk og samisk språk og kultur vert styrkt. Slik ynskjer regjeringa å ta i bruk KI på ein måte som kjem innbyggjarane og samfunnet til gode.