Over 30 000 nye frøprøver deponerte i Svalbard Globale frøkvelv
Nyheit | Dato: 23.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Denne veka har den globale frøkvelven på Svalbard fått deponert over 30 000 nye frøprøver frå 23 land. Mellom anna frå Palestina og Sudan.
– Svalbard globale frøkvelv viser kor viktig internasjonalt samarbeid og den rolla som Noreg spelar i dette samarbeidet. I ei verd der både klimaendringar og konfliktar utgjer ein større trugsel for matsikkerheit og beredskap, forsikrar dette anlegget at det genetiske mangfaldet me treng for å dyrka maten vår blir verande tilgjengeleg for alle, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Over 30 000 frøprøver blir deponerte
Meir enn 30 000 frø blei deponerte i Frøkvelven denne veka. Det er den nest største deponeringa i kvelven sidan han blei oppretta i 2008. Frøa kjem frå 21 ulike land. Blant dei er det deponert frøprøver frå kriseramma Palestina og Sudan. Frå Palestina er det mellom anna 21 typar grønsaker, belgfrukter og urter. Det er organisasjonen The Union of Agricultural Work Committees (UAWC) som har levert prøvene. Frå Sudan kjem det hundrevis av sorghum- og perlehirsefrø leverte av den sudanske organisasjonen Agricultural Plant Genetic Resources Conservation and Research Centre (APGRC).
I tida framover kjem NordGen til å sortera og kategorisera kvar av frøprøvene før dei blir lagde inn i Frøkvelven på Svalbard i februar 2025.
Seed deposits October 2024 |
Country |
Accessions |
Boxes |
Crops |
SPGRC |
Zambia |
196 |
2 |
30 crop species, vegetables, millets, sorghum etc. |
World Vegetable Centre (Tanzania department) |
Tanzania |
2137 |
3 |
108 species/subspecies, mainly vegetables |
Suceava Genebank ”Mihai Cristea” |
Romania |
158 |
1 |
36 species of cereals, legumes, vegetables, herbs etc. |
NRSSL |
Thailand |
72 |
1 |
rice |
Zambia Agr. Research Institute, National Plant Genetic Resources Centre (ZARI) (S4R and BOLD) |
Zambia |
392 |
3 |
15 species, maize, vigna beans, ground nut, finger millet, pearl millet, pigeon pea etc. |
ICRISAT |
India |
2950 |
5 |
56 species and subspecies, most pearl millet, sorghum and Arachis (9 new species of Arachis) |
Institut d'Economie Rural (BOLD) |
Mali |
212 |
1 |
Maize |
Union of Agricultural Work Committees (UAWC) |
Palestine |
23 |
1 |
21 species, vegetables, legumes, herbs |
CIMMYT |
Mexico |
5442 |
15 |
Aegilops, wheat and maize |
National Plant Genetic Resources Laboratory (BOLD) |
Philippines |
983 |
5 |
14 species/subspecies, beans, sorghum, tomatoes, maize, okra, peppers etc. |
University of Costa Rica (BOLD) |
Costa Rica |
130 |
1 |
7 phaseolus bean species |
IRRI |
Philippines |
7260 |
21 |
rice |
ILRI |
Ethiopia |
1750 |
2 |
447 species/subspecies, many not deposited in the Seed Vault before |
Institut Tchadien de Recherche Agronomique pour le Développement (new BOLD) |
Chad |
1145 |
7 |
16 species, most Sorghum, Sesamum, rice and maize |
CIP |
Peru |
20 |
1 |
sweet potatoes |
Bangladesh Rural Advancement Committee (BRAC) (BOLD new) |
Bangladesh |
725 |
2 |
35 species of different crop groups, 302 rice, then different tropical vegetables etc. |
National Agricultural Research Institute (BOLD new) |
Papua New Guinea |
520 |
1 |
sweet potatoes |
Anne van Dijk Rice Research Centre Nickerie (New, Bold) |
Suriname |
577 |
3 |
Rice |
National Horticultural Research Institute (new, BOLD) |
Nigeria |
200 |
2 |
Two okra species and peppers |
Malawi Plant Genetic Resources Centre, Chitedze Research Station (New, BOLD) |
Malawi |
803 |
4 |
19 species, 325 sorghum and diff. crops |
Instituto de Agroecologia y Seguridad Alimentaria, Facultad de Ciencias Agrarias (new, BOLD) |
Bolivia |
500 |
6 |
maize and beans |
Agricultural University of Tirana (BOLD) |
Albania |
850 |
13 |
18 species, 350 maize, 300 wheat + vegetables etc. |
ICARDA |
Morocco |
2292 |
18 |
Chick pea, barley and lentils |
Malaysian Agricultural Research and Development Institute (BOLD) |
Malaysia |
518 |
2 |
Rice, a few Solanum and vigna |
IHAR |
Poland |
1290 |
3 |
Wheat, rye and tomatoes |
|
|
31145 |
123
|
|
– Klimaendringar og konfliktar trugar infrastrukturen og påverkar matsikkerheita for over 300 millionar menneske i meir enn 75 land over heile verda. Genbankar er derfor viktige for beredskapslagring, og me er stolte av å støtta dei ved å tilby ei trygg hamn på Svalbard, seier administrerande direktør Stefan Schmitz i Crop Trust.
Fleire av frøprøvene er såkalla «moglegheitsvekster», altså frøprøver som har potensiale til å kunna spira under krevjande forhold. Det dreier seg i størst grad om frø av okra, hirse og ertebønner.
Svalbard globale frøkvelv blei opna av den norske regjeringa i februar 2008. Kassar med frø frå heile verda blir sende dit for trygg langtidslagring i kalde og turre fjellhallar. Målet med frøkvelven er å ta vare på den store genetiske variasjonen innan matplantetypane i verda. Kvar einaste frøprøve har potensial til å vera til stor nytte for bønder, forskarar og foredlarar når dei skal produsera mat til ei aukande befolkning.
– Desse frøa er byggesteinane for klimaresistente avlingar som toler ekstremvêr, skadedyr og sjukdommar. Dei er òg levande bevis på motstandskrafta til landbruket og det menneskelege samfunnet, seier administrerande direktør Lise Lykke Steffensen i NordGen.
Om Crop Trust
Crop Trust er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å ta vare på mangfaldet av nyttevekster og dermed sikra global mat- og ernæringsstryggleik. Kjernen i Crop Trust er eit gåvefond som skal garantera langsiktig økonomisk støtte til sentrale genbankar over heile verda. Crop Trust støttar Svalbard Globale Frøhvelv og koordinerer storskalaprosjekt over heile verda for å sikra nyttevekster og gjera dei tilgjengelege for bruk, globalt for alltid og til det beste for alle. Crop Trust er anerkjent som eit viktig element i finansieringsstrategien til den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og landbruk.
- Les meir på Securing our food, forever - Crop Trust
Om NordGen
NordGen er dei nordiske landa sin genbank og kunnskapssenteret for genetiske ressursar. Som operativ leiar for Frøkvelven er NordGen ansvarleg for å handtera frøa inne i Frøkvelven, kommunikasjon med genbankar og å vedlikehalda ein offentleg tilgjengeleg database på nett med informasjon om frøprøvene lagra i frøkvelven (seedvault.nordgen.org).
- Les meir om Nordgen på nettstaden til NordGen
Om Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet er det juridiske og administrative organet for Frøkvelven og har det overordna ansvaret for forvalting, tryggleik og finansiering. Departementet har gjeve Statsbygg, nykelrådgjevar for bygg og eigedom til den norske regjeringa ansvaret for bygging og vedlikehald av frøkvelven.