Statsbudsjettet 2023
21 millionar til ei ekstraordinær tilskotsordning for kystrekeflåten
Pressemelding | Dato: 06.10.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår i budsjettet for 2023 å løyve 21 millionar kroner til ei ekstraordinær tilskotsordning for kystrekeflåten i 2023. Samanlikna med andre delar av fiskeflåten er flåten som fiskar etter kystreke i ein særskild krevjande situasjon grunna dei høge drivstoffprisane det siste året.
- I budsjettet prioriterer regjeringa tryggleik og rettferdig fordeling. Situasjonen for kystrekeflåten er framleis krevjande i lys av dei høge drivstoffprisane og den aukande CO2- avgifta. Denne ordninga vil venteleg kunne avhjelpe på den økonomiske situasjonen for flåtegruppa og bidrege til at fleire fartøy gjennomfører fisket, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Tilskotsordninga vil administrerast av Garantikassen for fiskarar. Det blir no arbeidt med å sjå på korleis ordninga kan innrettast og kva vilkår som må vere oppfylte for å få tilskot.