Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022:
200 000 småbarnsfamiliar får billigare barnehage
Pressemelding | Dato: 08.11.2021 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa vil kutte i maksprisen for barnehage for første gong sidan 2013. Det vil gi nær 200 000 småbarnsfamiliar minst 2900 kroner meir å rutte med i året, og bidra til at fleire barn over heile landet kan gå i barnehage.
Regjeringa legg fram forslaget i tilleggsproposisjonen for statsbudsjettet 2022.
– Vi vil at fleire barn skal kunne gå i barnehagen, og at barnehagen skal vere ein fullverdig del av utdanningssystemet. Då må vi skru prisen ned, og ikkje halde fram med å auke barnehageprisen slik vi har sett sidan 2013. Gode barnehagar gir barna ein trygg og god oppvekst, og bidrar til både likestilling og høg deltaking i arbeidslivet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (A).
Lågare makspris vil gjelde frå 1. august 2022. Familiar med eitt barn i barnehagen vil spare 2900 kroner i året på dette. For familiar med to barn blir den årlege innsparinga 4900 kroner. Prisnivået vil dermed ligge på same nivået som blei lagt til grunn for oppfølging av barnehagehageforliket i Soria Moria-erklæringa (1750 kroner i månaden, 2005-kroner).
I dag går 92 prosent av alle barn i barnehagen. Andelen er lågare blant minoritetsspråklege barn (85 prosent) og 1-2-åringar (85 prosent).
– Framleis er det over 20 000 barn som ikkje går i barnehagen, og vi risikerer at dei som ville hatt størst utbytte av å gå i barnehage, ikkje gjer det. Ein del av desse er minoritetsspråklege barn og barn som bur i levekårsutsette område. Derfor er det viktig å auke barnehagebruken i desse områda, seier Brenna.
Regjeringa vil òg på sikt endre kontantstøtta slik at fleire av dei yngste får gå i barnehagen, og forbetre moderasjonsordningane for familiar med låg inntekt.
Styrker finansieringa av pedagog- og bemanningsnorm
Regjeringa vil bruke 311 millionar kroner i 2022, og 690 millionar i 2023, på å gjere barnehagane billigare for småbarnsforeldre.
Samstundes foreslår den nye regjeringa å styrke kommunane med 2 milliardar kroner utover dei 1,6 milliardane som Solberg-regjeringa foreslo. Det vil gi kommunane pengar til både bemanning, auka kompetanse og kvalitet i barnehagen. Regjeringa vidarefører forslaget om 100 millionar kroner til kommunane for å auke talet på barnehagelærarar.
– Dyktige tilsette med god kompetanse er nøkkelen til å få gode barnehagar for alle barn. Med denne satsinga er vi eit viktig skritt nærmare regjeringas mål om at 50 prosent av dei tilsette skal vere barnehagelærarar og auke andelen fagarbeidarar til 25 prosent, seier Brenna.
Lågare pensjonspåslag for private barnehagar
Regjeringa foreslår å redusere pensjonspåslaget for private barnehagar, frå 13 til 10 prosent. I 2019 fekk 90 prosent av dei private barnehagane nesten ein milliard meir til pensjon enn dei faktisk brukte på pensjon til dei tilsette, viser berekningar.
Kuttet i pensjonspåslaget vil ikkje påverke pensjonen til dei tilsette i dei private barnehagane, og vil sikre at påslaget i større grad dekker det barnehagen faktisk bruker på pensjonsutgifter. Barnehagar som har høgare pensjonsutgifter enn dei får dekt gjennom påslaget, vil framleis kunne søke om å få dekt kostnadene.