Revidert nasjonalbudsjett

20 millionar ekstra for å få innvandrarkvinner i arbeid

Regjeringa styrkjer Jobbsjansen med 20 millionar kroner slik at 240 fleire innvandrarkvinner kan koma seg inn i arbeidslivet. Jobbsjansen er eit effektivt tiltak for at heimeverande innvandrarkvinner som står langt utanfor arbeidslivet kjem i arbeid.

– Vi treng at alle som kan arbeide er i arbeid, og vi forventar at alle som kan, bidreg. Vi veit at lite formell kompetanse er ein viktig årsak til at for få innvandrarkvinner er i arbeid. Jobbsjansen bidreg til at heimeverande innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden får kvalifisering for å kome i arbeid eller utdanning, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Tiltak gjennom Jobbsjansen gir individuelt tilpassa kvalifisering. Tiltak gjennom Jobbsjansen har god effekt, og svært mange av dei som deltek i ordninga går direkte over i arbeid eller utdanning.

Meir likestilling, mindre fattigdom

For mange kvinner med innvandrarbakgrunn står utanfor arbeidslivet samanlikna med resten av befolkninga, og også menn med innvandrarbakgrunn. Dette er eit problem, for den einskilde og for samfunnet.

– For få med innvandrarbakgrunn er i arbeid, særleg samanlikna med den øvrige befolkninga. Samtidig manglar vi arbeidskraft. Arbeid gir økonomisk sjølvstende, meistring og nettverk. Arbeidsplassen er den beste arenaen for å praktisere og lære språk, seier Brenna.

Fleire med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte blant personar som har dårlege levekår, vedvarande låginntekt og dårlege bustader. Særleg mange barn med innvandrarbakgrunn lever i fattigdom.

– Vi må ha ein integreringspolitikk som får folk ut i arbeid eller utdanning, sikrar velferd og førebyggjer kriminalitet. Da må vi sørgje for tidleg innsats heime, mellom anna med å få fleire heimeverande ut i arbeid, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Regjeringa styrkte også Jobbsjansen i statsbudsjettet for 2022 med 10 millionar kroner.

Jobbsjansen er ein søknadsbasert ordning som alle kommunar kan søkje Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om.

Jobbsjansen

  • Jobbsjansen er eit individuelt tilpassa program som skal gi betre kvalifikasjonar for varig tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende. Programmet har særleg fokus på tidleg utplassering på ordinær arbeidsplass. Målgruppa er heimeverande innvandrarkvinner som har svak tilknyting til arbeidslivet og som heller ikkje deltek i ordinær utdanning.
  • I 2022 var det 1 500 deltakarar i Jobbsjansen over heile landet fordelt over 29 kommunar og 11 bydelar i Oslo.
  • I perioden 2020 til 2022 har mellom 74 og 79 prosent av deltakarane gått direkte over i arbeid eller utdanning etter endt program.