Statsbudsjettet 2025

20 millionar kroner meir til raskare og enklare plan- og byggesaksprosessar

I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å løyve 20 millionar kroner til Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) sitt arbeid med å forenkle regelverket og digitalisere plan- og byggesaksprosessane.

– Regjeringa vil forenkle regelverket for byggesøknadar, og gjere både plan- og byggesaksprosessen meir digital og automatisert. Slik blir det billigare, enklare og raskare å få handsama saka si og realisere gode bustadprosjekt, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Auken på 20 millionar kroner er ei varig styrking av budsjettet til DiBK . Direktoratet har over tid jobba med forenklingar som bidreg til meir effektiv ressursbruk i kommunar og hos utbyggjarar. Til dømes har utbyggjarar og privatpersonar spart over ein milliard kroner berre i porto sidan digitalt nabovarsel i byggjesaker kom på plass i 2018.

– Det er framleis behov og eit stort potensial for forenklingstiltak i alle ledd av plan- og byggesaksprosessane. Med denne satsinga set regjeringa fart og kraft bak fleire slike prosjekt, seier Sande.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no