Revidert nasjonalbudsjett:
Tilskotsordningar til natur, friluftsliv og reindrift i område med vindkraftverk
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Energidepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Regjeringa vil at dei som blir direkte berørt av vindkraftutbygging skal få ein andel av verdiskapinga. I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å setje av 15 millionar kroner til natur og friluftsliv og 10 millionar kroner til reindrift i 2024, og at det i komande år blir sett av 0,2 øre per produserte kilowattime (kWh) til natur, friluftsliv og reindrift.
I statsbudsjettet for 2024 varsla regjeringa at det skal innførast ei slik ordning. I revidert nasjonalbudsjett kjem regjeringa med forslag til korleis ordninga konkret kan innrettast.
Forslaget er at det blir sett av 0,1 øre per kWh til reindrifta og 0,1 øre per kWh til natur- og friluftslivsformål i kommunar der vindkraftverk har negative konsekvensar for reindrifta. I kommunar der vindkraftverk ikkje har negative konsekvensar for reindrift skal 0,2 øre per kWh går til natur- og friluftslivsformål.
– Det er viktig at interesser som blir negativt påverka av vindkraftproduksjon får ein del av verdiskapinga. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for meir kraft, samtidig som me vil gi noko tilbake til dei interessene som opplever størst ulempe med vindkraft. Denne løysinga vil sikre varig stønad til reindrift og natur- og friluftslivsformål frå vindkraftproduksjon, seier energiminister Terje Aasland.
Tiltak for natur og friluftsliv
Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner for 2024 til ei ny tilskotsordning til natur- og friluftslivstiltak i kommunar som er påverka av landbaserte vindkraftverk. Vidare blir det foreslått ei tilsagnsfullmakt på 15 millionar kroner knytt til ordninga, ut over løyvinga for 2024, for å dekke utbetalingar i 2025.
Tilskota kan gå til tiltak i kommunar som har landbaserte vindkraftverk, samt til tiltak i kommunar der natur eller friluftsinteresser blir negativt påverka av landbaserte vindkraftverk som er plassert i nabokommunen.
Tiltak som kan få støtte kan for eksempel vere å leggje til rette for naturmangfald eller friluftsliv tilsvarande det som er påverka av vindkraftverket ein annan stad i kommunen.
Tilskotsordninga kan også støtte tiltak som fremjar natur og friluftsliv som ikkje er direkte påverka av vindkraftverket. Innanfor natur er då naturmangfald av nasjonal og vesentleg regional interesse prioritert.
- Gjennom denne nye tilskotsordninga vil regjeringa støtte tiltak for å ta vare på enkeltartar eller naturtypar og til å restaurera natur i kommunar som vart påverka av vindkraftverk. Det kan også gis støtte til å leggja om stiar eller laga heilt nye stiar og andre tiltak for friluftslivet. Målet er å gjera det mogleg å seia ja til vindkraft, samtidig som me sikrar viktig natur og friluftsinteresser, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Tiltak for reindrift
Basert på vindkraftproduksjonen i 2022 foreslår regjeringa å løyve 10 millionar kroner for 2024 til ei tilskotsordning til reindrift i kommunar som er påverka av landbaserte vindkraftverk.
– Regjeringa satsar på reindrifta og er oppteken av å sikre gode rammevilkår for næringa, mellom anna gjennom reindriftsavtalen. No har me òg fått på plass ei varig ordning som sikrar tilskot til siida eller reinbeitedistrikt som får driftsulemper av vindkraftverk, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.