Statsbudsjettet 2023
16 millionar til første fase av gruveoppryddinga i Folldal
Pressemelding | Dato: 06.10.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Den heilskaplege tiltaksplanen for opprydding av den gamle gruvedrifta i Folldal konkluderer med at det blir kravd tre tiltak for å avgrense forureininga frå den tidlegare gruveverksemda. No blir det foreslått midlar over statsbudsjettet til første fase.
– Miljøutfordringa i Folldal er stor, og oppryddingsarbeidet har tatt tid mellom anna fordi forureiningsproblemet er kompleks og derfor krev ei skreddarsydd løysing. No gjer regjeringa framlegg om 16 millionar kroner i statsbudsjettet til første fase slik at arbeidet kjem i gang, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Tidlegare i år mottok Nærings- og fiskeridepartementet ein heilskapleg plan der det blir foreslått tre tiltak for å avgrense forureininga frå den tidlegare gruvedrifta. Første tiltak går på utbetring av grøftesystem og nett for survatn. Det andre er sikring av gruvemassar mot avrenning ved at dei blir dekte til, som må skje i samarbeid med Riksantikvaren og Folldal kommune. Det tredje tiltaket er etablering av eit reinseanlegg med slamhandtering.
Meir berekraft i ny mineralstrategi
– Mineral er ein føresetnad for det grøne skiftet, men det er òg viktig at dei utvinnast på ein berekraftig måte. Det er dette vi vil sørge for i den nye mineralstrategien vår som vi legg fram seinare i år. Tidlegare opererte ein etter andre miljøstandardar enn det vi har i dag, og etter 250 år med gruvedrift i Folldal, veit vi at det tar litt tid å få rydda tilstrekkeleg opp, seier Vestre.
Det har vore utført mange studiar og forskjellige typar kartlegging, tiltak og pilotforsøk sidan Nærings- og fiskeridepartementet i 2003 fekk pålegg frå Miljødirektoratet om å utføre tiltak i Folldal. Tiltaka og forsøka som har vore utførte tidlegare har likevel ikkje vore tilstrekkelege for å oppnå ei betring av miljøtilstanden.
– Denne saka har lege på bordet til fleire næringsministrar før meg, og det har vist seg å vere utfordrande å finne gode løysingar som har ønskt effekt samtidig som ein varetar kulturminna i Folldal, seier næringsministeren.