1500 kroner meir i straumstøtte til studentane
Pressemelding | Dato: 09.12.2022 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa vil framleis hjelpe studentane med straumrekninga. No kan studentar og vaksne elevar i vidaregåande opplæring, søke Lånekassen om straumstipend på 1500 kroner.
– Eg er glad for at vi også har fått på plass ei støtte til studentane denne hausten. Den nye økonomiske røyndommen som det siste året har treft heile samfunnet, har også ramma studentane hardt. Høge straumprisar merkast godt på lommeboka. Derfor har vi i to omgangar gitt ekstra straumstøtte til studentane, for å hjelpa dei over kneika her og no, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Samla betyr dette at studentane har fått tilbod om 4500 kronar i straumstøtte i 2022.
– Vi betalte ut nesten 368 millionar kroner våren 2022 og har sett av nye 210 millionar no. Stipendet på 1500 kroner kjem på toppen av den ordinære straumstøtta alle norske hushald får, seier Moe.
Straumstipendet er for studentar som ikkje bur heime, og som betaler for straum utanom husleiga. Straumutgiftene må vere for hausten 2022 og kunne dokumenterast. Alle som oppfyller desse kriteria, får straumstøtte uavhengig av kor mykje dei betaler i straumutgifter.
Lånekassen sender e-post til studentane når det er opna for å søke om straumstipendet, og studentane kan søke så fort dei har fått e-posten.
– Rundt 230 000 studentar vil i løpet av dei næraste dagane få e-post med tilbod om å søke om straumstipendet. Då kan dei logge seg inn på lanekassen.no og søke. Dei må stadfesta at dei har straumutgifter som ikkje er inkludert i husleiga, og at dei kan dokumentera dette til Lånekassen i ettertid. Stipendet blir utbetalt kort tid etter at studentane har signert avtalen, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, Anette Bjerke.
Om straumstipendet
- For å ha rett på stipendet på 1500 kroner må studentane vere over 18 år, vere bortebuarar, få støtte frå Lånekassen hausten 2022 og betale straumutgifter som ikkje er inkluderte i husleiga haustsemesteret 2022. Også nokre vaksne elevar på vidaregåande skule kan ha rett på straumstipendet, men berre dei som får lån frå Lånekassen.
- Fristen for å søke er 15. januar 2023.
- Straumstipendet til studentar kjem i tillegg til den ordinære straumstøtta som alle hushald med straumutgifter får.
- Regjeringa har sett av 210 millionar kroner til dette straumstipendet.