Statsbudsjettet 2024
127 millionar til ein meir praktisk skule
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 127 millionar kroner til utstyr for meir praktisk opplæring i skulen.
– Skulekvardagen er prega av for mykje stillesitjing og for lite variasjon og praktisk læring. Skular over heile landet melder om at dei treng meir ressursar til utstyr og alternative læringsarenaer for å kunne gi elevane moglegheit til å lære med både hovud og hender. Dette lyttar vi til. Derfor foreslår vi å setje av 127 millionar kroner til ei tilskotsordning som går til å gjere skulen meir variert, slik at elevane kan lære meir i alle fag og trivast betre, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
127 millionar til tilskotsordning for praktisk utstyr
Pengane til praktisk utstyr vil bli delt ut til kommunane som eit øyremerkt tilskot fordelt på elevtal på 5.–10. trinn.
Kommunar med rundt 1000 elevar får over 300 000 kroner i tilskot. Samstundes vil dei aller minste kommunane vere garanterte eit minstebeløp på 10 000 kroner.
Ny rentekompensasjonsordning
I tillegg foreslår regjeringa å innføre ei rentekompensasjonsordning for større investeringar i lokale og utstyr. Det blir lagt opp til ei låneramme på totalt åtte milliardar kroner til kommunane fordelt over åtte år (1 milliard kroner i året).
I 2024 vil regjeringa prioritere rundt 30 millionar kroner til denne ordninga.
– Vi har ei historisk satsing på å gjere skulen meir praktisk og variert. Kommunane vil få dekka rentene når dei tek opp lån for å investere i utstyr og skulebygg, som til dømes å bygge skulekjøken, sløydsalar, musikkrom og utstyr som kan gjere skulen meir praktisk orientert, seier Brenna.
40 millionar til å styrke arbeidet med digitaliseringa
Regjeringa foreslår òg å styrke arbeidet med digital kompetanse og infrastruktur i barnehagane og skulane med 40 millionar kroner, til totalt 85 millionar kroner i 2024.
– Digitaliseringa har gått raskt dei siste åra, og nesten alle elever har no kvar sine digitale einingar som nettbrett og PC-ar. Vi skal finne ein god balanse i skulen mellom skjerm og papir, tastatur og blyant. Då treng vi felles støttetenester for personvern og universell utforming for læremiddel, og dette er vi i gang med å opprette. Vidare skal vi gjere det enklare for lærarane å finne fram til gode digitale læremiddel ved å samle dei i ein felles nasjonal tenestekatalog. Framover skal vi også greie ut korleis vi skal møte utviklinga i kunstig intelligens, ein teknologi som utviklar seg raskt, seier Brenna.
Satsinga følger opp regjeringa sin strategi for digital kompetanse og infrastruktur i skule og barnehage.