Revidert nasjonalbudsjett
12 millionar meir til små distriktsbutikkar
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa vil styrke støtteordninga til små distriktsbutikkar med 12 millionar kroner i 2023. Midlane kan brukast til straumstøtte og investeringsstøtte til energisparingstiltak i små daglegvarebutikkar i Distrikts-Noreg.
– Dei små nærbutikkane er ein livsnerve og viktige møteplassar i mange lokalsamfunn og det er svært viktig at vi bidreg til å ta vare på dei, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Pengane kjem frå unytta midlar frå 2022. Midlane skal nyttast til å vidareføre straumstøtteordninga for Merkur-butikkar i 2023, som ei søknadsbasert og rammestyrt ordning. Midlane kan og nyttast til investeringsstøtte til ENØK-tiltak.
– Mange distriktsbutikkar lever på små marginer, opplever stor kostnadsvekst, og for mange av desse butikkane vil den ekstra støtta vere avgjerande for at dei klarar å oppretthalde drifta, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00