Statsbudsjettet 2024
104 millionar kroner til helse- og omsorgsforsking i kommunane
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa foreslår nær 104 millionar kroner til eit nytt forskingsprogram for å styrke kunnskap og kompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Satsinga skal ta utgangspunkt i kunnskapen kommunane sjølve har om deira behov.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) strekar under kor nødvendig det er å styrke innsatsen i kommunane for å møte ei framtid med fleire eldre og færre i arbeidsfør alder.
– Fram mot 2040 vil vi få dobbelt så mange innbyggarar over 80 år, og fleire vil bu heime. Det krev nye løysingar i kommunane, nær der folk bur. Derfor vil vi prioritere meir pengar til forsking, innovasjon og kunnskap i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og kommunane skal sjølve ha handa på rattet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Midlane er foreslått løyvde over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, og går til Forskingsrådet, som i dialog med Kommunanes strategiske forskingsorgan (KSF), lyser ut midlane.
Satsinga skal ruste kommunane
Helse- og omsorgsminister, Ingvild Kjerkol (Ap), viser til at det meste av forskinga i helsetenesta går føre seg i sjukehusa, men at det samtidig er store behov i kommunehelsetenesta.
– Kommunane må handtere stadig meir samansette og komplekse helseutfordringar. Denne satsinga skal ruste kommunane for meir krevjande oppgåver framover, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).
– Dei fleste eldre vil bu heime lengst mogleg. Då er det vår jobb å forske meir på eldreomsorga i kommunane og at kommunane sjølve får vere med på å forme prosjekta. Slik er vi sikre på at vi dekker dei reelle forskingsbehova, og at innbyggarane får dei beste tenestene, fortel Kjerkol.
Regjeringa styrker Kommunanes strategiske forskingsorgan (KSF)
Regjeringa vil også bruke 10 millionar kroner for å styrke Kommunanes strategiske forskingsorgan (KSF).
Gjennom KSF skal kommunane få høve til å klargjere forskingsbehova kommunane har, slik at dei kan spreie og ta i bruk ny kunnskap raskare og breiare. Pengane til KSF kjem i tillegg til forskingsprogrammet i Forskingsrådet.
Avviklar dei regionale forskingsfonda
For å finansiere den nye satsinga på forsking, innovasjon og kunnskap i kommunehelsetenesta, foreslår regjeringa å avvikle løyvinga til dei regionale forskingsfonda (RFF) i 2024.
Omdisponeringa er eit resultat av ei tydeleg prioritering for å møte kommunanes behov for meir kunnskap og kompetanse. Det finst fleire andre finansieringskjelder både for regional forsking og næringsretta forsking, til dømes FORREGION-programmet, Skattefunn og Forskingsrådets ordning for innovasjonsprosjekt i næringslivet. RFF utgjorde berre ein mindre del av den samla løyvinga til desse formåla.