Revidert nasjonalbudsjett:
Oppfølging av meklingsavtalene på Fosen
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Energidepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Regjeringa følgjer opp sine forpliktingar i avtalane med reinbeitedistrikta på Fosen gjennom tiltak og verkemiddel som legg til rette for vidare reindrift på Fosen. Det reviderte budsjettet for 2024 foreslår regjeringa blant anna ei eingongsløyving på 5 millionar kroner til å opprette eit sør-samisk kulturfond.
– Regjeringa følgjer opp Fosen-avtalane. Tanken bak kulturfondet er at midla skal kunne brukast over fleire år for å støtte opp under den sør-samiske kulturen. Sametinget skal kunne utarbeide vedtekter for bruken av midlane i fondet, seier energiminister Terje Aasland.
På Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett blir det foreslått å løyve 2 millionar kroner for å følgje opp statens forplikting til å skaffe tilleggsareal for reindrifta i Sør-Fosen sijte og Nord-Fosen siida.
– Det er samla sett viktig å sikre reindrifta best moglege vilkår for å drive næring. Inkludert i dette ligg det òg at me følgjer opp dei forpliktingane som følgjer av Fosen-saka. Revidert budsjett er eit viktig bidrag for å nå det målet, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
I statsbudsjettet for 2024 varsla regjeringa at det skal innførast ei ordning der dei som blir direkte berørt av vindkraftutbygging skal få ein andel av verdiskapinga. I revidert nasjonalbudsjett kjem regjeringa med forslag til korleis ordninga konkret kan innrettast. Forslaget er at det blir sett av 0,1 øre per kWh til reindrifta og 0,1 øre per kWh til natur- og friluftslivsformål i kommunar der vindkraftverk har negative konsekvensar for reindrifta.
– Fosen-saka har vore krevjande for alle partar, og det er ikkje tvil om at saka har vore aller mest belasande for dei familiane som driv med reindrift på Fosen. Dei har måtta leve med denne konfliktsaka i mange år. Eg er derfor glad for at saka no er løyst, og eg håpar det betyr at også nye generasjonar kan sjå at det mogleg å vidareføre reindrifta på Fosen, seier Aasland.