– Ein plan som fremmar god psykisk helse og tilgjengeleg hjelp
Nyheit | Dato: 02.06.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol presenterer fredag 9. juni opptrappingsplanen for psykisk helse i Stavanger. – Vi legg fram ein heilskapleg plan med tre innsatsområde som styrkar psykisk helsefeltet, fortel Kjerkol.
Dei tre innsatsområda er:
- Helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid
- Gode tenester der folk bur
- Tilbodet til personar med langvarige og samsette behov
– Vi treng både ein brei og ein spissa innsats for å styrke den psykiske helsa i landet vårt. Det gjer vi med denne viktige planen, fortel Kjerkol.
Har lytta til dei unge
– I arbeidet med opptrappingsplanen har det vore ekstra viktig for regjeringa å lytte til kva barn og unge meiner skal til for å skape betre psykisk helse, understrekar helse- og omsorgsministeren.
– Statsministeren og eg starta prosessen med planen tidleg i fjor vår ved å invitere inn ungdomsråd og barne- og ungdomsorganisasjoner til det første innspillsmøtet, fortel ho.
Treng helsefremjande arenaar
Fleire ungdomsorganisasjonar har deltatt på innspelsmøter ulike stader i landet, og fortalt om sine erfaringar.
– Ungdommane har vore tydeleg på at det trengst helsefremjande arenaer, og at terskelen for å få hjelp må vere lav når ein opplev utfordringar, fortel Kjerkol.
Helse- og omsorgsministeren presenterer opptrappingsplanen for psykisk helse på Sølvberget bibliotek i Stavanger fredag 9. juni kl 12.00 – 14.00.