Skogbruk
Artikkel | Sist oppdatert: 10.12.2018 | Landbruks- og matdepartementet
Skogpolitikken skal legge til rette for ein berekraftig ressursforvaltning, der hogsten ikkje overgår tilveksten, og der ein tar omsyn til andre viktige oppgåver skogen har – som leveområde for planter og dyr, rekreasjonsarena for menneske, og som lager og sluk for karbon.
Skognæringa er viktig for Noreg. Eit aktivt og lønnsamt skogbruk og ein konkurransedyktig skogindustri har betydning for busetting, sysselsetting og næringsutvikling i store delar av landet. Potensialet for auka verdiskaping er stort.
Skog dekker om lag 38 prosent av Noregs fastlandsareal, eller om lag 122.000 kvadratkilometer. Av dette er om lag 86.600 kvadratkilometer produktivt skogareal – det vil seie at det produserer nok tømmer til å vere viktig for skogbruket. Totalt har Noreg i dag nesten 11 milliarder tre som er 5 cm eller meir i diameter.
Folk driv skogbruk i nesten heile landet. Dei viktigaste treslaga rekna i volum og økonomisk betydning er gran, furu og bjørk. Hedmark er det største skogfylket i landet.
Stadig meir råstoff
Norske skogeigarar har lange og gode tradisjonar for berekraftig forvaltning av skogressursane.
Når skog blir hogd i Noreg er skogeigar pålagt å legge til rette for at ny skog kan vekse opp – enten ved å plante eller å la frøtrær sørge for naturleg ettervekst.
Noreg var først i verda med å kartlegge tilhøvet mellom hogst og tilvekst – alt i 1919.
Kor mykje råstoff som står i norske skogar blir målt i kubikkmeter tømmer utan bark. Etter ein lang periode med utarming av skogressursane, har tømmervolumet i norske skogar tredobla seg dei siste 100 åra – frå 300 millionar kubikkmeter i 1919, til om lag 900 millionar i dag. Trea er blitt høgare og skogen tettare – og den dekker eit større areal enn før.
Den positive trenden fortset. Totalt legg norske skogar på seg om lag 25 millionar kubikkmeter trevirke kvart år. Gran står for halve denne tilveksten. Kvart år blir det tatt ut omlag ti millionar kubikkmeter tømmer.
Det er ikkje berre tømmer til industrien det blir meir av. Også nasjonalparkar og skogreservat utgjer ein stadig større del av skogarealet i Noreg.
Viktig næring
Skognæringa er tradisjonsrik og viktig for Noreg. Den gir arbeidsplassar og eksportinntekter. Om lag 25.000 menneske arbeider i den skogbaserte verdikjeda.
Noreg er blant dei beste i verda når det gjeld innovasjon og nytenking rundt bruksområde for skogbasert råstoff – som i dag omfattar alt frå byggematerial, til bioenergi og foredla råstoff som lignin og cellulose, som inngår i ei rekke produkt vi omgir oss med til dagleg.
Potensialet for auka verdiskaping er stort. Skogindustrien meir enn tidoblar verdien av tømmerstokken når den blir foredla. Tre er i tillegg eit fornybart råstoff, som i mange tilfelle kan erstatte petroleumbaserte råstoff.
Skogbruket og skogindustrien er del av ein uskjerma verdsmarknad, og er prisgitt marknadsutviklinga globalt.
Norsk skogpolitikk skal legge grunnlaget for ei berekraftig forvaltning av skogressursane, som tar omsyn til viktige miljøverdiar og alle artane som lever i skog og utmark. Det biologiske mangfaldet blir best skjøtta gjennom ein kombinasjon av berekraftig bruk og vern.
Målet er auka verdiskaping, ved å legge til rette for auka produksjon av trevirke, bioenergi og andre produkt og tenester knytta til skog.