Jakt, fiske og friluftsliv
Artikkel | Sist oppdatert: 24.09.2020 | Landbruks- og matdepartementet
Skogen er ein tradisjonelt viktig rekreasjonsarena i Noreg, der mange utfolder seg med jakt, fiske og friluftsliv. Eit berekraftig skogbruk hegner også om desse verdiane.
Skogsvegene sørger for at tømmer kan bli frakta ut av skogområde, men dei er og jegarane, fiskarane og friluftslivsentusiastanes veg inn
Friluftsliv er høgt verdsatt blant svært mange nordmenn. Det er først og fremst turgåing, roen og stillheten, naturen generelt og frisk luft som motiverer befolkningen til friluftsliv.
Naturen er eit skattkammer for opplevingar og rekreasjon. Samtidig knytter det seg betydeleg næringsverksemd til å arrangere utflukter og aktivitetar i naturen.
Sal av jakt- og fiskeretter har til dømes stor økonomisk betydning for mange grunneigarar. Eit breitt spekter naturbaserte opplevingsprodukt bidrar til lokal sysselsetting og verdiskaping over heile landet. Og etterspørselen aukar, både frå inn- og utland.
God distriktspolitikk
Jakt har lange tradisjonar i Noreg, og organisering og sal av jakt er ei viktig inntektskjelde for mange grunneigarar. Satsing på jakt og jaktopplevelser er god distriktspolitikk. Den lokaløkonomiske verdiskapinga (inklusiv ringvirkninger) anslår NINA til å være ca. 1,3 milliard kroner i jaktåret 2017-2018.
Det krev tilrettelegging som stetter dei behov markedet etterspør, gjennom tett kopling mellom forvaltning av jord, skog og utmarksressursar.
Mange grunneigarar har alt lykkast med å kombinere naturbaserte opplevingstilbod med tradisjonelt skogbruk og matproduksjon.
Statens eigarskap
Staten eig store areal med skog og utmark – om lag ein femtedel av Fastlands-Noreg. Halvdelen er såkalla statsallmenning, areal tilgjengeleg for alle. Statseid skog og utmark blir forvalta av Statskog, som dermed er landets største grunneigar.
Å stimulere og legge til rette for berekraftig jakt, fiske og friluftsliv, er blant Statskogs prioriterte arbeidsområde.
Forvaltninga av statens skogar og utmark er i tillegg eit viktig verktøy i arbeidet for å fremme livskraftige lokalsamfunn – noko jakt, fiske og friluftsliv bidrar til.
Haustbare viltressursar
I 2018 overtok Landbruks- og matdepartementet ansvaret for den delen av forvaltninga som gjelde haustbare viltressursar, det vil sei artar ein kan jakte på. Bakgrunnen for det var mellom anna mulighet for å styrke næringsutviklinga basert på bærekraftig bruk av utmarksressursane.