Økologisk matproduksjon

Økologisk landbruk bidreg til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkt dei etterspør.

Ekstra miljøomsyn i økologisk produksjon

Økologisk produksjon kan bidra til at norsk jordbruk blir meir miljøvenleg og berekraftig ved at erfaringar frå økologiske driftsformer blir overført til det konvensjonelle jordbruket. 

Økologiske driftsformer har positiv betyding for naturmangfaldet. Økologisk mat blir framstilt utan bruk av kjemisk-syntetiske sprøytemiddel og kunstgjødsel. Kombinert med vekstskifte, har dette positive effektar for det biologiske mangfaldet. Jordkvalitet og struktur er òg område der økologisk jordbruk bidreg til mindre jordpakking og erosjon.

Debio Ø-merke
Debio er garantisten for at varer som er merka med Debio sine merke er produsert på ein økologisk og berekraftig måte. Debio forvaltar, regulerer og kontrollerer økologisk produksjon og regelverk, og er verksemdene sitt naturlege val for sertifisering av miljø og kvalitet. Foto: Debio

Beskytta omgrep

Omgrepet «økologisk» er beskytta gjennom forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukt. Regelverket er ein del av EØS-avtalen. Gjennom EØS-regelverket er Noreg forplikta til å ha ein kontrollordning i offentleg regi. Mattilsynet er tilsynsstyresmakt og har delegert utøvande kontroll til Debio.

Gardsbruk og bedrifter som ønsker å produsere, vidareforedle og omsetje økologisk mat må bli godkjende av Debio. Gardsbruk, foredlingsbedrifter, pakkeri, omsetjingsledd og importørar som er godkjend vert kontrollert jamnleg. 

Umoden marknad

Marknaden for økologisk matproduksjon er framleis relativ liten, noko som gjer at det er svingingar i både produksjon og etterspurnad av økologisk produserte varer. Kvart år blir det i jordbruksoppgjeret sett av middel til økologisk produksjon og tiltak for å utvikle verdikjeda. 

Høner.
I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Foto: Landbruks- og matdepartementet